Hopp til innhold

– Vemodig at det er over

Rundt ein halv million sjåarar har kvar måndag og onsdag sett Severin Rønes (32) på TV-skjermen. Denne veka vart siste episode av sjåarsuksessen «Severin» sendt.

Severin Rønes

Som 22-åring sa Severin Rønes opp jobben på møbelfabrikken i Sykkylven for å flytte på Røneset. – Det har vore ti fantastiske år, skryt han.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Serien «Severin» vart raskt ein sjåarsuksess då han kom på lufta i mars. Kvar tredje TV-sjåar fekk med seg første episode om mannen som 22-åring flytta til den veglause garden på Røneset i Sykkylven.

Sakte-TV

Første gong han var på fjernsyn var i 2009, då han var med i Oddgeir Bruaset sin serie «Der ingen skulle tru» . I vinter dukka han igjen opp på TV-skjermen, til stor glede for alle som er glade i sakte-TV. To gongar i veka i seks veker har «Severin» vorte vist på NRK1 og denne veka vart siste episode om Severin Rønes og livet hans sendt.

Hans-Olav Landsverk og Severin Rønes

NRK-fotograf Hans-Olav Landsverk følgde Severin gjennom eit heilt år på Røneset.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Severin Rønes og Jelena Walstrøm

Severin Rønes har vore saman med Jelena Mensah (34) i 10 månader og i dei siste episodane av «Severin» dukka også ho opp på TV-skjermen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er litt vemodig, men det er godt å sjå at det har gått bra og eg trur eg har gjort ein grei figur.

– Kven som helst kan gjere som meg

Severin Rønes gjekk nokre rundar med seg sjølv både før og etter at han sa ja til serien, men no synest han det er ei ære å ha vore med på det.

– Eg er godt fornøgd med korleis serien vart og eg er stolt over at vi har greidd å få fram mange magiske augneblink.

Augneblinka, den flotte naturen på Røneset og levesettet hans har inspirert mange til å ville gjere det same, fortel Severin.

– Dersom ein har viljen og lysta til å gjennomføre det, så kan kven som helst gjere som meg, det er eg heilt sikker på.

Folk vil ha meir

At så mange har sete benka framfor TV-apparatet for å sjå på han synest han er ei stor ære. No når serien er over stoppar folk for å slå av ein prat og mange lurer på om det kjem meir «Severin».

– Andre heng seg opp i feil eg gjer, som å halde øksa feil når eg høgg ved, ler Severin.

Severin Rønes ser ikkje vekk frå at det kan bli ein ny sesong av «Severin», men då vil han ha med seg kjæresten sin, Jelena.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL