Hopp til innhold

– Unge konfirmerer seg ikkje berre for pengar

– Konfirmantar er ikkje så materialistiske som folk trur, seier ungdomsprest Christian Siejak i Ålesund. Han meiner det er feil å seie at dei fleste konfirmerer seg for å få mest mogleg pengar.

Created by InfoDispatcher

Medan åtte av ti nordmenn trur at dei som vel å konfirmere seg gjer det berre for pengane si skuld , nyanserer ungdomsprest Christian Siejak ved Borgund menighet i Ålesund biletet.

Ulike grunnar

Christian Siejak har hatt 88 konfirmantar i år og trur slett ikkje at alle konfirmerer seg for å få pengar.

Konfirmantar på shopping

Mange ungdommar brukar måndagen etter konfirmasjonen på å handle.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Nokon gjer det fordi det er tradisjon, nokon gjer det fordi vennar eller familie ønskjer det og mange gjer det fordi dei har tenkt over kva dei ønskjer å gjere.

I tida før konfirmasjonen har det vore gudstenester, arbeidsgrupper og samling på leir, med god tid til å samtale.

– Vi legg vekt på menneskeverd og at kvar enkelt er skapt og elska av Gud.

Fekk 55 000 kroner i konfirmasjonsgåve

Det er blåmåndag for mange av konfirmantane i landet. Dei fleste av dei har hatt ei innbringande helg på mange måtar, også økonomisk.

Birthe Muren Longva

Birthe Muren Longva fekk 55 000 kroner i konfirmasjonsgåve.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ein av dei er Birthe Muren Longva, som har teke turen frå heimbygda Gursken for å handle på kjøpesentera i Ålesund.

Ho fekk 55 000 kroner i konfirmasjonsgåve i helga, men pengane var ikkje grunnen til at ho konfirmerte seg, seier ho.

– Eg konfirmerte meg fordi eg trur på denne religionen.

Les også:

Sparing

Skulen har gitt konfirmantane fri denne måndagen og Birthe brukar tida på å gå i butikkar saman med Victoria Myklebust og Magnus Haukeland.

Victoria Myklebust

Victoria Myklebust vil spare mange av dei 47 000 kronene ho fekk til konfirmasjonen sin.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Magnus Haukeland

Magnus Haukeland konfirmerte seg fordi han er religiøs.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg synest det er kjekt å feire ein slik dag saman med familien, svarer Victoria Myklebust på spørsmålet om kvifor ho valde å konfirmere seg.

Sjølv fekk ho nesten 47 000 kroner i konfirmasjonsgåve og har absolutt ikkje tenkt å bruke opp alt med ein gong. Ein liten del av pengane går til nye klede, men resten skal sparast.

Heller ikkje Magnus Haukeland konfirmerte seg for å få pengar. Sjølv om han fekk 65 000 kroner i gåve til konfirmasjonen, ville han konfirmere seg fordi han er religiøs.

– Det var godt å kome inn i fellesskapet og vise at eg trur på det eg trur på.