Hopp til innhold

– Telemedisin kan ikkje erstatte dei øvde hendene til ein kirkurg

Volda (NRK): Lækjarar i Volda meiner det blir umogleg å gje behandling med kvalitet om helseministeren gjennomfører planen sin. Helseminister Bent Høie vil legge ned akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa.

Tilsette ved sjukehuset i Volda seier at uten akuttkirurgi, vil sjukehuset kunne bli nedlagt.

Helseminister Bent Høie brukar ein modell frå Sogn og Fjordane som døme på korleis helsetenesta ved dei små lokalsjukehusa kan bli. Her blir pasientar behandla under rettleiing frå lækjarar på hovudsjukehuset, som følgjer operasjonen og rettleier via ein skjerm.

Rune Heggedal

Rune Heggedal er overlege ved Volda sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK
Bent Høie

Helseminister Bent Høie besøkte måndag lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Helseminister Bent Høie har forrekna seg stygt om han trur han med dette skaper ro kring utviklinga av lokalsjukehusa, seier overlege ved Volda sjukehus, Rune Heggedal.

Satsar på nærsjukehus

I dag var helseministeren i Sogn og Fjordane for å sjå nærare på modellen der legespesialistar overvakar og rettleier legar på lokalsjukehusa via ein skjerm. Der fekk han sjå korleis legane ved lokalsjukehuset sto i kontakt med både fastlegar og spesialistar ved sentralsjukehuset i Førde.

– Vi har funne ein modell for korleis vi skal trygge dei små sjukehusa. Småsjukehusa er viktige for å kunne gje folk ei god helseteneste, uansett kvar ein bur i landet, seier Høie.

Denne måten å organisere helsetenesta på skal inn i den nye, nasjonale helseplanen som kjem om få dagar. Målet er å kunne gje fleire pasientar hjelp nær heimen, og at dei skal sleppe å reise til dei store, sentraliserte sjukehusa.

Vi ser at vi på denne måten kan halde oppe eit akuttsjukehus utan å måtte ha eit akuttkirurgisk tilbod 24 timar i døgnet. Då kan vi ha eit dagkirurgisk tilbod, der dei små sjukehusa arbeider saman med dei store, seier Høie.

– Lokalsjukehusa vert lagde ned

Blant legar i Volda blir denne måten å organisere sjukehusa på ikkje teke vel imot. Dei karakteriserer forslaget som «å kaste bensin på bålet», og varslar kamp mot det dei ser på som ein måte å sentralisere sjukehusa på.

Som legar er vi opptekne av å ha kvalitet på behandlinga, og det det er ikkje mogleg med ein slik modell. Dette fører berre til at lokalsjukehusa blir lagde ned, seier Rune Heggedal.

Legane i Volda trur ikkje at telemedisin er noka god løysing.

Ingen videoskjerm kan erstatte dei øvde hendene til ein buk-kirurg, seier Heggedal.

– Ribbar lokalsjukehusa

Heggedal trur at helseministeren ikkje tør å legge ned lokalsjukehusa, men at han ribbar lokalsjukehusa for viktige funksjonar.

Han ønskjer å sentralisere sjukehustenestene. Det er nok vanskeleg å legge ned lokalsjukehus. Dermed lagar han ein konstruksjon som heiter nærsjukehus. Men dette er ikkje noko anna enn eit distriktsmedisinsk senter, og ikkje eit sjukehus, seier Heggedal.

Det kan bli bråk igjen når helseminister Bent Høie (H) varslar store endringar for lokalsjukehusa. Han vil fjerna det meste av akuttfunksjonar, etter modell frå Sogn og Fjordane.