Hopp til innhold

– Talet på sjukeheimar må opp

Det er den klare bodskapen frå leiaren i Pensjonistforbundet før landsmøtet startar i dag.

Forbundsleder Borge Rørvik i Pensjonistforbundet.

Borge Rørvik, leiar i Pensjonistforbundet, meiner at talet på sjukeheimar må opp.

Foto: Johnny Syversen / Pensjonistforbundet

Borge Rørvik, leiar i Pensjonistforbundet, meiner dårleg økonomi fører til stadig færre sjukeheimsplassar, og ei større satsing på omsorgsbustader i Kommune-Noreg.

Han fryktar resultatet blir at mange eldre får ein uverdig slutt på livet.

– Når vi blir eldre og sjukare, så har vi eit behov for pleie på eit anna nivå enn det vi kan få heime eller i ein eventuell omsorgsbustad. Difor meiner eg at det er viktig å få ei betre tilrettelagt avslutning på livet, seier Rørvik.

Treng eit variert tilbod

Rørvik seier det er positivt at det har vore ei større satsing på omsorgsbustader dei siste åra, men meiner likevel at eldreomsorga også må tilpassast dei som ikkje er så friske at dei greier seg aleine i eigne omsorgsbustadar.

– Det vi opplever no er at kommunane har tilpassa tilbodet til dei eldre som er relativt friske og litt yngre, og så gløymer ein dei som er eldre og treng meir pleie, seier han.

Ønskjer øyremerka midlar

Rørvik, er heilt klar på at eldreomsorga i Kommune-Noreg blir den aller viktigaste saka under landsmøtet.

Han er uroa over utviklinga han meiner å ha sett siste åra, og at ein stadig dårlegare kommuneøkonomi tvingar fram løysingar som ikkje er til beste for dei aller svakaste.

Eldre dame

Illustrasjonsfoto: Borge Rørvik ønskjer fleire sjukeheimsplassar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Dette går på kommunane sin økonomi, og alle dei prioriteringane som dei må gjere i forhold til innbyggarane sine. Når Stortinget ikkje ønskjer å gå inn med øyremerka midlar og styre kommunane sin økonomi, så påverkar dette eldreomsorga, seier Rørvik.

– Burde pengar til eldreomsorga vere øyremerka?

– Ja, det meiner eg heilt klart at den burde, seier Rørvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL