Hopp til innhold

– Ta fråfallet i skulen på alvor

Spjelkavik (NRK): Ungdomar etterlyser meir hjelp og støtte til skuleelevar som har problem. Fråfallet er stort i den vidaregåande skulen, og mange har personlege problem og sosiale utfordringar.

Borgund vidaregåande skule

Vallogo

Kvart år sluttar 16 prosent av norske elevar i den vidaregåande skulen før dei har fullført utdanninga si. Slik har det vore i heile perioden frå 2009 til 2014. Tidlegare var talet endå høgare. I 2004 slutta heile 18 prosent utan å ha med seg endeleg vitnemål frå skulen.

Amalie Hjellbak Smørdal

Amalie Hjellbak Smørdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er veldig trist. Politikarane må no satse meir på vidaregåande opplæring, og ikkje berre på barneskule og ungdomsskule. Det er vi som er på veg ut i vaksenlivet. Det er viktig med tilbod som helsesyster og skulevakt, seier Amalie Hjellbak Smørdal. Ho er elev på frisørlinja på Borgund vidaregåande skule i Ålesund.

Denne skulen har satsa på skulevakt. Dei har flytta pengar på budsjettet til å få til denne ordninga med ein vaksenperson som er både kamerat, vektar og ein slags skulepoliti. Også helsesystertenesta har fått tilført pengar frå undervisningsbudsjettet.

Odd Magne Godø

Odd Magne Godø.

Foto: Remi Sagen / NRK

Av og til ser eg elevar som er triste og lei seg, dei kan ha kjærleikssorg og treng rett og slett nokon å snakke med, seier skulevakt Odd Magne Godø.

No kastar politikarane seg inn i kampen for å få stoppa fråfallet frå den vidaregåande skulen. For ungdom som fell utanfor har vanskar med å kome inn att på sporet.

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde, V.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er eit stort tap når ein ungdom fell utanfor. No har Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal sett av ein heil dag der vi skal diskutere akkurat dette, seier listetopp for Venstre, Gunn Berit Gjerde.

Også Høgre seier dei vil gripe fatt i problemstillinga og forsøke å få til løysingar.

Monica Molvær

Monica Molvær, H.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vi må sjå på det som vi veit fungerer. Og overgangen frå ungdomsskulen til den vidaregåande skulen er kritisk. Alt der må skulen kunne sjå om det kjem elevar som hadde høgt fråvær i ungdomsskulen og setje inn ekstra fokus på dei, seier Monika Molvær, Høgre. I tillegg må skulehelsetenesta styrkast, og her må fylkeskommunen samarbeide med kommunane.

Elevane på Borgund vidaregåande skule stadfester at det er mange som treng hjelp og som kunne ha fått ein lettare kvardag om det blei sett i verk tiltak.

Sanna Siem

Sanna Siem.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er mange som treng hjelp, og som ikkje får den hjelpa dei skal ha, seier Sanna Siem, elev ved frisørlinja på Borgund vidaregåande skule.

Skulevakt Odd Magne Godø seier det er mogleg å få til positive resultat. Men at det må gripast fatt i situasjonen og gjere noko med han.

Gleda er å sjå at det som blei gjort i går hjelper eleven dagen etter. Vi ser no elevar som kjem seg igjennom, sjølv om dei har hatt vanskelege periodar, seier han.