Hopp til innhold

– Stemninga i laget har snudd

– Det har vore frå dei djupe dalar til høgt på dei sunnmørske alpar. Det seier arrangementssjef Øyvind Vebenstad om sesongstarten til AaFK. Etter 2-0-sigeren søndag er han langt meir optimistisk enn for berre få dagar sidan.

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad er arrangementsansvarleg i AaFK.

Foto: Arne Flatin / NRK

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad gler seg over at resultata har betra seg.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Han vedgår at det vore mykje kjensler rundt laget den siste tida. Etter ein tung start og eit turbulent trenarskifte, har det gått betre for AaFK.

Aalesund - Bod //Glimt.

Aafk-spelarane dansa av glede sigeren over Bodø

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Fotball handlar jo om engasjement, så eg trur at denne oppturen har vore godt for alle som bur på Sunnmøre og som har eit hjarte for AaFK, seier Vebenstad.

Han vil takke supporterane og dei frivillige som er med på både opp- og nedturar.

– Dei er grunnfjellet i AaFK, alle dei som stiller opp og gir oss ein klapp på skuldra når vi treng det som mest. Det skal vi aldri undervurdere.

Viktig siger

AaFK slo til med to mål mot Bodø/Glimt på heimebane i går og siger over Vålerenga torsdag, trur Vebenstad laget har tatt viktige steg i rett retning. Han seier stemninga i laget er heilt annleis enn for berre ei veke sidan, då laget tapte mot Tromsø.

Det er ei stor forløysing som har skjedd, så stemninga har snudd i laget.

– Men kva tenkte du etter sist søndag, med lite folk på tribunen og dårleg stemning – frykta du for sesongen?

– Det ville vere å lyge å seie at vi ikkje var skeptiske då. Men vi var samstundes klare på at smilet måtte fram igjen.

Tårer etter Vålerenga-kampen

Sigeren søndag smakte svært godt for AaFK. Sjølv meiner Vebenstad kampen mot Vålerenga torsdag var eit enda større augneblink.

– Eg er ein vaksen mann, men då tok eg til tårene. Eg vil sidestille det med cupfinalesigeren mot Molde i 2009. Eg syns alle som har stått på verkeleg fortente den sigeren. Det låg tett opp til den inste hjarterota.

Kva no då?

– No gjeld det å nullstille seg framfor neste kamp. Vi veit at det er ingenting som blir så fort historie som ein fotballkamp. Så her gjeld det berre å stå på og halde seg i flytsona.

– Bør Trond Fredriksen bli fast trenar?

– Det er det ikkje eg som avgjer, men eg har følgt Trond Fredriksen i fleire år, og veit at han er ein fantastisk kar.