Hopp til innhold

– Siste ord er ikkje sagt

Orkide-leiar Ingunn Golmen (Sp) meiner brevet frå helseminister Bent Høie er som forventa, men trur ikkje at siste ord i saka er sagt.

Ingunn Golmen

Orkide-leiar Ingunn Golmen (Sp) trur ikkje at siste ord er sagt i sjukehussaka.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførarane på Nordmøre har blanda kjensler til svaret frå helseminister Bent Høie som kom tirsdag.

Ingunn Golmen (Sp), leiar i ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre, meiner svaret er som forventa.

– Han har heile tida sagt at han ikkje har vore ute etter å instruere dei under seg, så det var eigentleg som forventa, seier ho.

Golmen er derimot splitta i spørsmålet om kor stor tillit ho har til svaret frå helseministeren.

– Han har sikkert ikkje gått ut i klartekst og sagt kva han ynskjer, men eg trur det er mange i denne prosessen som har oppfatta at han hadde eit klart ynskje, seier ho.

– Så sjølv om det ikkje har vore direkte påverknad, så trur eg det har vore ei tydeleg forventning om kva helseministeren ynskjer, held ho fram.

Avviser påverknad

I eit ti sider langt brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skriv helseminister Bent Høie at det er naturleg og nødvendig at statsråden held tett og løpande kontakt med styra i helseføretaka.

I brevet avviser helseministeren at han har instruert eller på annan måte påverka valet av nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Han innrømmer likevel at han «helte mot Molde» då han snakka med tidlegare styreleiar Marthe Styve Holte i Helse Midt-Norge, den 26. august.

Høie understrekar at meiningsutvekslinga ikkje er rettsleg bindande og at dei ikkje er i strid med Helseføretakslova når dei ikkje er gitt i eit føretaksmøte.

Saka er ikkje død

Golmen har ei klar forventning til at kontroll- og konstitusjonskomitén på Stortinget kjem til å sjå nærare på saka.

– Eg meiner det framleis er mykje uklart i forhold til denne saka som eg forventar at komiteen vil sjå på, seier ho.

– Er siste ord sagt?

– Nei, det er det ikkje, seier Golmen.