Hopp til innhold

– Her hadde det vore tryggare utan gangfelt

Mange gangfelt er nesten vekkslitne og skaper forvirring for både bilistar og gåande. Eit dårleg oppmerkt gangfelt kan vere farlegare enn ikkje noko gangfelt, meiner politiadvokat.

Cathrin Remøy

– Enkelte er forsiktige uansett, medan andre ikkje er like oppmerksame når dei skal krysse vegen, seier politiadvokat Cathrin Remøy.

Foto: Privat / Synnøve Hole

Det kan vere vanskeleg å vite om nedslitne og dårleg merka gangfelt faktisk er gangfelt lenger. Du kan bli påkøyrd – i eit dårleg merka gangfelt, og oppleve at bilisten slepp å stå til ansvar for brot på vikepliktregelen ved fotgjengarfelt.

Som bilist må ein vere klar over at bilen med si fart, tyngde og lettbevegeligheit lett kan forårsake skade og at skada fort kan bil betydeleg.

Farta må heile tida avpassast etter forholda, og ein skal kunne stanse for einkvar pårekneleg hindring.

I eit komplisert bybilde må køyringa innrettast deretter og ein må vere meir oppmerksam enn elles.

– I vegtrafikklova går det fram at alle skal vise omsyn og vere forsiktig i trafikken. Som sjåfør skal ein ikkje forårsake fare eller skade, og annan trafikk skal ikkje bli hindra eller forstyrra, seier Remøy.

Tryggare utan gangfelt

Kvinne på veg over nedslite fotgjengarfelt i Ålesund

Dette fotgjengarfeltet i Ålesund er nesten heilt vekkslitt. Det kan skape forvirring.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Halvparten av fotgjengarfeltet i Parkgata i Ålesund er dekt av ny asfalt og har berre to skarve kvitstriper igjen. I slike tilfelle trur Remøy at det kan vere sikrare utan gangfelt.

– Enkelte er forsiktige uansett, medan andre av ulike årsaker ikkje er like oppmerksame når dei skal krysse vegen. Det er likevel ikkje tvil i at ein bilførar i relativt vid utstrekning må vere førebudd på at andre trafikantar kan komme til å opptre i strid med vegtrafikklovgjevinga og innrette køyringa si deretter, seier ho, og legg til:

– Men nedslitne gangfelt kan bidra til å skape farlege situasjonar og uhell – difor hadde det fleire stader vore tryggare utan.

Kan bli straffa annleis

Remøy fortel at viss ein bilist køyrer på ein fotgjengar i eit gangfelt vert tiltale vurdert, i tillegg vil sjåføren i utgangspunktet miste førarkortet i minst seks månader.

Men eit nedslite gangfelt vil på lik linje med andre omstendigheter bli vurdert i den enkelte sak.

– Dei fleste som ferdast i Ålesund til vanleg veit kvar dei ulike fotgjengarfelta er, men er ein ny i byen så er det ikkje sikkert at ein ser dei nedslitne gangfelta. Viss det skulle skje ei ulukke så blir det vurdert kva slags straff sjåføren får i det konkrete tilfellet, seier politiadvokaten.