Hopp til innhold

– Rørslene kan fortsette også utan tilførsel av vatn

Etter ei helg med store nedbørsmengder, kan det no sjå ut til at nedbøren minkar i Rauma. Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE trur likevel ikkje at finvêret vil stoppe rørslene i det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen.

Se hva som skjer ved fjellet "Mannen" i Romsdalen.

I løpet av det siste døgnet har det vore heile 33 millimeter nedbør i området ved Mannen. Etter ei helg med store nedbørsmengder har vêret byrja å lette i Rauma.

– Det har vore stor hastigheit i fjellpartiet, og det er eit dynamisk og aktivt område. Fjellet kan få nye sprekkar og vatnet kan gå nye vegar. Når hastigheita er så stor som den har vore, så kan det plutseleg skje endringar og rørsle også utan nedbør, seier han.

Meldt lite nedbør

Søndag formiddag kunne Blikra presentere dei nyaste målingane frå det rasfarlege partiet ved Mannen i Rauma.

Frode Hassel

Statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet, seier det er meldt lite nedbør i den komande veka.

Foto: Marit Hommedal

Hastigheita i det rasutsette partiet har hatt ei maksimal fart på 16 centimeter i døgnet i løpet av natta.

– Det er den høgaste hastigheita vi har hatt sidan vi starta målingane i september i fjor, sa Blikra på ein pressekonferanse klokka 10.00 søndag.

Den store auken skuldast meir nedbør enn venta melder NVE, og i løpet av det siste døgnet har det vore heile 33 millimeter nedbør i området ved Mannen.

– Det har regna kraftig dei siste dagane, men no ser det ut til at det blir ei nedbørspause som varar heilt til neste helg, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Søndag og den komande veka er det stort sett meldt om lettskya opphaldsvêr.

– Det kan sjå ut som det kjem ei ny nedbørsmengde neste søndag, men ikkje noko særleg før den tid, seier Hassel.

Is i fjellet kan påverke rørslene

Farenivået har sidan fredag vore raudt, noko som betyr ekstrem fare for ras. Blikra seier det ikkje blir aktuelt å endre farenivået med det første, til trass for at det er meldt mindre nedbør i den komande veka.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE trur likevel ikkje at finvêret vil stoppe rørslene i det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Området reagerer kraftig på nedbør, så det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal gjere det igjen når vi får ei ny nedbørsperiode, men dette kan også endre seg utan nedbør, seier Blikra.

Rørslene har vore størst i den øvre delen av fjellpartiet, og denne delen av fjellet er no svekka. Ifølgje Blikra er det no ein stor sjanse for at den øvre delen kan rase ut, utan at resten av partiet går.

Is i fjellpartiet kan også vere med på å påverke utviklinga ved Mannen. Så langt er det uklart om det framleis er is i fjellpartiet som er med på å feste fjellet, og om det er att is som vil smelte meir utover hausten.

– I så fall vil det vere større sjansar for meir bevegelse i den nedre delen av fjellpartiet dess lenger ut i året vi kjem, trur Blikra.

Tærer på dei evakuerte

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at situasjonen tærer på dei evakuerte.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at situasjonen tærer på dei evakuerte.

– Dei evakuerte har fått melding frå oss i dag og er informert om rørslene i natt. Vi vil kalle dei inn til møte enten i dag eller i morgon. Det er klart at denne konstante uvissa tærer på dei, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL