Hopp til innhold

– Grimstad kjem med lause påstandar

Stortingsrepresentant Oscar Grimstad meiner at politiet ikkje tar narkotikaproblema i Hareid på alvor. Lensmann Odd Kulø syns han burde kome rett til dei.

Stortingsrepresentant Oscar Grimstad og lensmann Odd Kulø

Lensmann Odd Kulø meiner at stortingsrepresentant Oscar Grimstad bør kome med konkret informasjon om narkotikamiljøet i Hareid - ikkje lause påstandar.

Foto: NRK

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) meiner at politiet og kommuneleiinga legg lok på narkoproblem i Hareid. Han seier at folk er redde og at dei ikkje har tillit til politiet.

– Veldig mange i nærmiljøet kjem til meg og seier at politiet og politikarane ikkje adresserer narkotikaproblema i Hareid. Mange er i ferd med å miste tillit, og føler at det ikkje er hjelp i å informere politiet om kva ein observerer, seier Grimstad.

Det er lensmannen i Hareid ueinig i. Debatten rundt eit narkotikamiljø i Hareid har vore stor etter drapet i Hareid i starten av august.

Alt må bli bevist før nokon kan bli straffa. Det må meir til enn lause påstandar frå ein politikar.

Odd Kulø

– Må meir til enn lause påstandar

Lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid tek til motmæle mot stortingsrepresentanten som hevdar at det ikkje er vits å sei frå til politiet om narkotikamiljøet på Hareid.

Både Sunnmørsposten og Vikebladet omtalte saka tysdag.

– Å slenge ut slike lause påstandar om at vi ikkje tar fatt i problem syns vi er ein dårleg måte å gjere det på. Med det samfunnsengasjementet som han har som politikar så burde han heller kome til oss, seier Kulø.

Lensmannen fortel at han har invitert Grimstad til kontoret for å få ei oppklaring i kva det er han siktar til.

– Vi kjenner miljøet i Hareid og nabokommunane godt, og vi følgjer det tett. Vi får også mange tips frå publikum som vi følgjer opp. Men alt må bli bevist før nokon kan bli straffa. Det må meir til enn lause påstandar frå ein politikar, seier lensmannen.

– Ikkje hjelp i å informere

Oscar Grimstad

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) seier at mange er redde for represalier viss dei seier ifrå om kva dei ser.

Foto: Maria Vevang / NRK

Grimstad seier at mange føler at det ikkje er hjelp i å informere fordi ein ikkje blir trudd. Mange er også frustrerte fordi media bagatelliserer dette problemet.

– Ein må vere på lag med innbyggjarane slik at ein kan hjelpe til med å fjerne dette problemet som har oppstått på Hareid.

– Har du inntrykk av at folk går rundt og er redde?

– Ja, ut ifrå dei kommentarane eg har fått på facebook-sida mi og direkte til meg er det tydeleg at dette miljøet blir oppfatta som truande. Mange vil heller ikkje engasjere seg fordi dei er redde for kva som kan skje, seier han.

«Hareid – åstad for brutal vald»

«Her er en lensmann som er opptatt av framtida til mange unge og unnlater å feie problemet under teppenet slik vi opplevde da Hareid blei landskjent som åstad for brutal vald. Kvifor er ikkje politi og politisk ledelse villig til å adressere dette når problemet er så åpenbart i vårt nærmiljø og naboer har måtte få voldsalarm for å ha et minimum av tryggheit? Mange spør, veldig mange!!!!»

Dette skreiv Grimstad på si Facebook-side som kommentar til ein sak om lensmann Terje Krokstad i Ringsaker som slår alarm om si kommune. Grimstad har fått mange positive tilbakemeldingar etter at ha frå folk. Mange er glade for at nokon endeleg seier ifrå.

– Det verkar som om politiet ikkje har fotstått kva dette eigentleg handlar om, seier han.

Farleg runddans

Grimstad meiner at dei har kome inn i ein veldig farleg runddans, og understrekar at politiet må vere tydelege til publikum.

– Ein skal vise at dette er eit problem som blir tatt på alvor, og ta dialog for å hjelpe kvarandre. Politiet er avhengig av tillit til publikum for å løyse eit problem som mange meiner har blitt alt for stort.