Hopp til innhold

– Norsk fotball må gå i seg sjølv

Færre og færre tek turen på norske fotballkampar. Sjølv «superarrangør» AaFK opplever dårlegare tilskodartal. – Kundane treng forutsigbarheit, meiner Øyvind Vebenstad, arrangementsansvarleg i AaFK.

Aalesund Michael Barrantes (t.h.), Sander Post og Christian Myklebust (t.v.)

AaFK tapte berre to av 15 heimekampar i årets sesong. Likevel har tilskodartalet gått ned. Trenden er den same for nesten alle laga i Eliteserien.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Tidlegare i dag blei det meldt om dalande tilskodartal for nærmast alle laga i Eliteserien.

«Lågaste tilskodartal på ni år, var den klare meldinga.»

Kontrast frå opningssesongen

I Ålesund sit arrangementsansvarleg Øyvind Vebenstad. Då Color Line Stadion opna i 2005, var det over 10.000 menneske på kvar einaste kamp.

I år var det berre éin kamp med over 10.000 menneske: lokaloppgjeret mot seriemeister Molde.

– Det er ikkje noko nytt med den nedgåande trenden i norsk fotball. Tilskodartala har dala sidan 2008, seier Vebenstad til NRK.no.

Vebenstad og AaFK har fått svært så gode tilbakemeldingar for arrangementa på Color Line Stadion rundt eliteseriekampane. I 2011 blei Aalesunds Fotballklubb kåra til beste arrangør av NFF – for tredje året på rad.

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad, arrangementansvarleg i AaFK, meiner tilskodarane treng eit klarare kampprogram.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Ein veg å gå

Nokre få klubbar merkar oppgang, medan publikumstalet andre stadar fell drastisk frå 2011 til 2012.

Gjennomsnittleg tilskodartal for Vålerenga har for eksempel ramla frå 13.331 til 10.908, ein nedgang på 18,2 prosent.

– Tippeligaen som merkevare har ein veg å gå, seier Vebenstad.

Han stiller spørsmålet: Kva er grunnen til nedgangen?, før han svarer sjølv.

– Det er på det reine at ei uforutsigbar terminliste kan gjere det vanskelegare for folk å planlegge.

– Kundane treng forutsigbarheit, både til heime- og bortekampar, meiner han.

Må ha aktivt produkt

For eigen klubb, AaFK, er han fornøgd med tilskodartalet.

– I forhold til folketalet i regionen er fyllingsgrada på stadion fantastisk. Men alle klubbane i Eliteserien må gjere produktet mest mogleg aktivt. Både sportsleg og utanomsportsleg.

– Vi møter mange utfordringar i tida som kjem, og ein må vere til stades overalt.

Han legg heller ikkje skjul på at den sportslege delen er ein «del av pakka».

– Publikummet i Ålesund og på Sunnmøre har likevel støtta veldig godt opp om klubben, i det ein kan kalle ein mellomsesong på den sportslege sida.

Saka held fram under bildet.

Øyvind Vebenstad

Vebenstad meiner supportarar og samarbeidspartnarane får for lite skryt i norsk fotball.

Foto: Terje Reite / NRK

For høge forventningar?

Samstundes meiner Vebenstad at både supporterar og klubbane sjølve har for høge håp.

– Det er 16 lag i Eliteserien. Berre tre lag uttrykker at dei er fornøgde. Det er Molde som vinn, Godset som er fornøgde med andreplass og Sogndal som jublar i pur glede for å få halde fram på øvste nivå.

– Resten er skuffa på grunn av dei skyhøge forventningane.

Han meiner klubbane bør sjå litt annleis på ein fotballsesong.

– Klubbane bør tenkje at dei er i det beste selskapet. Ein skal gjere sitt yttarste mot alle, og sjå resultatet til slutt. For meg er opplevinga for publikum svært viktig. Ein identitet knytt til å støtte laget. Det skal vere moro å gå på kamp, uansett, seier Vebenstad.

Saka held fram under bildet.

Hyllest

I Ålesund har AaFK hatt 4,0 prosent færre tilskodarar i 2012 samanlikna med 2011. Her er supportarane i siste serierunde, med ein klar hyllest til Amund Skiri.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Etterlyser meir honnør til publikum

Han meiner fotballen må gå i seg sjølv.

– Eg har alltid sagt at det viktigaste, utanom laget, er kunden. Ein må gi honnør til supporterar og samarbeidspartnarar. Det er dei som bidreg til fotballproduktet.

Han meiner klubbane i Eliteserien bør gi folket meir merksemd.

– Er vi flinke nok til å skryte av dei som møter opp i all slags vêr? Får dei hyllesta dei fortener?

– Vi må formidle positive tilbakemeldingar til dei som støttar, kamp etter kamp. Desse dreg med seg fleire om dei er fornøgde, meiner AaFK sin arrangementsansvarlege.

Trass i nedgangen dei siste åra, ser han positivt på framtida.

– Eg har trua på oppgang neste år. Men ein må vere villig til å jobbe enda hardare for å fylle tribunane i framtida, avsluttar Vebenstad.

Kva tenkjer du om tilskodartalet i Noreg? Og kva bør klubbar og fotballforbundet gjere for å få fleire på kamp?