Hopp til innhold

Fann sakna mann: – Han har det ikkje bra

Mannen i 30-åra som har vore sakna sidan måndag er funnen på Aspøya i Tingvoll kommune.

Redningsselskapet Søk etter mann Averøy

Mellom måndag og onsdag vart det søkt både over og under vatn for å finne den sakna mannen. Onsdag vart han funnen.

Foto: Redningsselskapet

Måndag vart ein mann i 30-åra frå Gjemnes kommune meldt sakna, noko som utløyste ein full leiteaksjon med 70–80 aktørar frå både Norske Redningshundar, Heimevernet, Sivilforsvaret og Røde Kors.

Onsdag kring klokka 14.00 vart mannen funnen, uskadd og i live på Aspøya i Tingvoll kommune.

– Han er fysisk uskadd, men har det ikkje bra. Mannen vert no vareteke av helsepersonell, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Vil ikkje kommentere

Kystvakta søker etter savnet mann averøy

Her søkte mellom anna kystvakta etter den sakna mannen.

Foto: Redningsselskapet

Sivertsen seier dei enno ikkje veit om mannen har vore utsett for ei ulykke, ettersom mannen enn så lenge ikkje har gitt nokon forklaring.

– Kva skjer vidare?

– Helsepersonellet vil ta vare på han, og deretter får han mulegheit til å forklare seg for politiet dersom han ønskjer det.

Søkte både på land og til sjøs

Det vart søkt både over og under vatn etter at mannen vart meldt sakna måndag.

Den same kvelden melde Hovudredningssentralen at dei avslutta søket til sjøs. Mørket gjorde at leitinga i havet blei vanskeleg. Men søket heldt fram heile natta.

Litt over klokka ti måndag melde ein fritidsfiskar at han hadde funne ein tom aluminiumsbåt utanfor Råneset på Averøy i sjutida. Båten var ein Fishing 440.

Hovudredningssentralen (HRS) sende helikopter, og i tillegg var både Kystvakta og to redningsskøyter med i søket.

HRS koordinerte søket i lufta og på sjøen, medan politiet har engasjert Røde Kors for å søkje på land.

Onsdag vart altså mannen funnen.

Fann tom båt i Averøy
Kystvakta søker etter sakna mann
Store styrkar leiter etter ein båteigar, som dei fryktar har falle over bord på Averøy. No intensiverer dei søket på land med redningshundar.