Hopp til innhold

– Mange kan vere nedlatande fordi eg er ung politikar

Det er ikkje alltid like enkelt å vere ung i politikken. Marthe Emilie Hansen (18) trur det finst mange dyktige unge som ikkje alltid tør å stikke seg fram.

Marthe Emilie Hansen i AUF utenfor Plassen i Molde

Marthe Emilie Hansen (18) er ein av dei engasjerte ungdomspolitikarane i Møre og Romsdal. Det er ikkje alltid like lett å vere ung politikar, men det stoppar ho ikkje.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Vallogo

– Ein får veldig mykje skryt fordi ein er ung. Men det er ofte fordi ein er ung. Det er ikkje dermed sagt at ein blir tatt på alvor likevel, seier 18-åringen.

Hansen er frå Søre Sunnmøre. Hareidlandet i Møre og Romsdal. Det var aldri opplagt at det var i politikken ho skulle hamne, men ingen vart overraska då ho bestemte seg for å ta sjansen.

Unge vert gløymt

Marthe Emilie Hansen på kontoret til AUF i Molde

Hansen har no fast jobb som fylkessekretær for AUF i Molde.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ho har allereie lang fartstid innan politikken trass i at ho er veldig ung samanlikna med dei fleste av kollegaane sine. To tredjedelar av dei som vil bli ordførarar i kommunestyrevalet til hausten er over 50 år.

– Det er veldig trist fordi det finst så mange dyktige unge. Sjølv om eg har blitt tatt på alvor mange gonger, og mange faktisk ønskjer å høyre og la oss påverke, finst det fleire som kanskje ikkje ser kva for ressurs ungdommar er, seier Hansen.

Ho trur at mange vaksne gløymer dei unge, og håper at fleire opnar auga for dyktige ungdommar.

Didrik er ein slik type langrennsløpar som ville ha dominert på den tida og hevda seg i alle type renn frå parkrenn til femmil.

Thor Gotaas

– Det er mange bakdelar ved å vere ung. Eg veit om mange som har opplevd haldningar som: «det er fint at du er her, men vi treng ikkje å høyre på det du seier». Nedlatande. Som ung politikar blir ein gjerne undervurdert på grunn av alderen sin, sjølv om ein har mykje godt å kome med.

Hansen vil høyre at ho er flink fordi ho er det. Ikkje fordi ho er 18.

– Men det er veldig vanskeleg å vite når faktisk folk set pris på det du gjer, seier ho.

Lang liste med erfaringar

Molde sentrum

Hansen flytta til Molde like før sommaren for å jobbe for AUF. Ho vil gjerne studere, men bestemte seg først for å gripe sjansen ho fekk i Molde.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ho starta i Ungdomsrådet på Hareid, deretter gjekk det vidare til Ungdomspanelet, som ho no har vore ein del av i tre år.

Ho har og vore leiar for Hareid Arbeidarparti i ein periode, og samtidig var ho vara til fylkesstyret i AUF. Ho har vore med i lokallagsstyret i Volda Ørsta AUF. Og no er ho fylkessekretær for AUF i Molde.

Det er lett å bli litt andpusten av den lista der. Hansen har ikkje tenkt å la alderen vere til hindring.

– Eg vil bli høyrt. Men ein kan ikkje forvente at ting skal ordne seg viss ein ikkje tør å seie frå.

Travelt politisk liv

Marthe Emilie Hansen i AUF i Molde

Hansen har ikkje tenkt å la alderen vere til hindring.

Foto: Lena Høyberg / NRK

18-åringen lever nok eit travlare liv enn dei som er på same alder.

– Eg meiner at alle treng noko å brenne for. Noko å kjempe for. Alle har noko dei bryr seg om, men problemet er at mange har feil inntrykk av kva politikk er. Det blir ofte assosiert med noko kjedeleg.

Men slik er det ikkje, ifølgje Hansen.

– Eg har fått opplevd kor kjekt og interessant det kan vere. Difor har eg enda opp med å seie ja til mykje.

Egil Ekhaugen

Partisekretær Egil Ekhaugen i Arbeidarpartiet deler kontor med Hansen i Folkets Hus i Molde.

Foto: Ap

Til kommunevalet til hausten står Marthe på femteplass på lista til Arbeidarpartiet på Hareid. Partisekretær Egil Ekhaugen i Arbeidarpartiet, som deler kontor med Hansen, meiner det er viktig at unge kjem seg framover i politikken.

– Vi treng nye og friske tankar inn i politikken. Det er ikkje slik at eg, som er i slutten av 50-åra, kjem til å tenke dei fleste nye og gode tankane for Noreg og kommunen. Det er det nok generasjonen hennar som vil gjere, seier Ekhaugen.