Hopp til innhold

– Må vise meir skjønn i felling av jerv

– Det må vere mogleg å felle jerv i enkelttilfelle når han drep sauer og øydelegg livsgrunnlaget til folk, det meiner leiaren i rovviltnemnda i Midt-Noreg

Jerv

Arne Braut, leiar i rovviltnemnda i Midt-Noreg, meiner rovviltnemndene må få meir makt, og at det må bli vist meir skjønn.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Arne Braut, leiar i rovviltnemnda i Midt-Noreg, meiner at rovviltnemndene må få meir makt, og at det må visast meir skjønn i enkelttilfelle.

Han meiner det er alt for mykje matematikk og statistikk.

– Variasjonane i dette fantastiske landet vårt er så stort at rovviltnemnda må få meir myndigheit til å utøve ei forvaltning ut ifrå lokalkunnskap, seier Braut.

Fekk avslag

– Eg syntest det er veldig dårleg gjort av dykk som sit og styrer at dykk ikkje kan gjere noko med det. Det er rett og slett litt kvalmt.

Anne Grete Røymo

Anne Grete Røymo ønskjer å få fellingsløyve på ein jerv ho meiner har tatt 140 lam.

Foto: NRK

Sauebonde Anne Grete Røymo heldt ingenting tilbake då ho hadde byråkratbesøk på garden sin i Øvre Sunndal i midten av mai.

I løpet av to år har ho mista heile 140 lam til jerven. Røymo ønskja å få moglegheit til å få fellingsløyve på jerven som har herja saueflokken, men fekk avslag på søknaden.

– Det er ikkje snakk om å utrydde jerven. Eg ønskjer berre moglegheita til å kunne ta ut den eine jerven som øydelegg så mykje for oss, sa Røymo.

– Gjer inntrykk

Braut har forståing for at sauebøndene syntest situasjonen er frustrerande.

arne braut

Arne Braut, leiaren i rovviltnemnda i Midt-Noreg, meiner at det må kunne gå an å felle jerv i enkelttilfelle når han drep sauer og øydelegg livsgrunnlaget til folk

Foto: Privat

– Det gjer sjølvsagt inntrykk når bønder må vurdere å slutte på grunn av rovdyr. Spesielt når ein ser den entusiasmen og måten det blir drive matproduksjon på, seier han.

Viltforvaltar Astrid Buset hos fylkesmannen vil ikkje uttale seg om saka, men seier at ting er på gang.

– No har departementet sett i gong ei evaluering av rovviltforvaltninga i Norge. I tillegg er ein i gong med å samanlikne det norske forvaltningssystemet med den svenske modellen, seier ho.

I mai fekk sauebonden Anne Grete Røymo byråkratbesøk på garden sin i Øvre Sunndal. Sjå tv-saka her:

Ung sauebonde gjekk knallhardt ut då ho fekk gardsbesøk i dag. Vil ha slutt på at jerven tek sauene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL