Hopp til innhold

– Betre løn og kampanjar må til

Utdanningsforbundet meiner både betre løn og synlege kampanjar må til for å få fleire menn inn i barnehagane. Berre 1 av 10 tilsette i norske barnehagar er menn.

Mimi Bjerkestrand

LØNA MÅ OPP: Leiaren i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, trur fleire menn vil søkje seg til barnehagane om løna går opp.

Sidan slutten av 90-talet har Stortinget hatt som mål å få 20 prosent mannlege tilsette i barnehagane. Men lite har skjedd. Talet er framleis under 10 prosent.

– Kampanjar må til

Trass i mange kampanjar dei siste åra har altså ikkje kjønnsbalansen i barnehagane blitt betre. Leiaren i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, meiner likevel at kampanjar er nyttige i det langsiktige arbeidet.

– For det første så handlar det om å vise fram betydninga av barnehagen som arbeidsplass, og betydninga barnehagen har for ungane våre. Det andre er heilt klart å løfte arbeidsvilkåra og lønsvilkåra for førskulelærarane, slik at det blir attraktivt for fleire, seier Bjerkestrand.

Les også:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

10 000 har droppa yrket

Tal frå Utdanningsforbundet viser at 10 000 personar som er utdanna førskulelærarar, ikkje arbeider som det. Det er også gitt 7000 dispensasjonar frå kravet om førskulelærarar i barnehagane.

Bjerkestrand avviser at Utdanningsforbundet har gjort ein for dårleg jobb med å heve løns- og arbeidsvilkåra for førskulelærarane.

– Å løne og tilsette arbeidstakarar i dette landet er arbeidsgjevarane sitt ansvar. Så både rekruttering, og lønsforholda må arbeidsgjevaren ta ansvaret for. Vi har stilt offensive krav, men vi har ikkje lukkast godt nok med å få opp førskulelærarløna, seier ho.

Meir attraktivt

Bjerkestrand presiserer at førskulelærarane si løn bør opp uavhengig av om det vil få fleire menn til yrket.

– Det er ikkje difor vi kjempar for betre løn til førskulelærarane, men dersom løna blir betre, vil yrket bli meir attraktivt for fleire, seier ho.

Forhandlingsleiaren for kommunane i KS, Hege Mygland, seier til NRK at dei no førebur vårens lønsforhandlingar. Dei kommenterer difor ikkje utspel om løn i media på denne tida av året.

To nye kampanjar

Førskulelærar

Den nye kampanjen for å skaffe fleire førskulelærarar startar i desse dagar.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kampanjane og handlingsplanane har vore mange opp gjennom åra. Men talet på mannlege førskulelærarar held seg stabilt på under 10 prosent.

I den nye handlingsplanen til regjeringa, «Likestilling 2014», er eit av tiltaka å opprette fylkesvise likestillingsteam for å rekruttere og halde på menn i barnehagane. I tillegg startar i desse dagar kampanjen «Verdens fineste stilling ledig».

– Det er sett av 25 millionar til kampanjen som i første omgang skal vare i 3 år. Rekrutteringskampanjen rettar seg først og fremst mot unge utdanningssøkande, men skal også jobbe for at fleire assistentar skal bli motiverte til å ta utdanning. To viktige undergrupper i kampanjen er menn og personar med fleirkulturell bakgrunn, seier statssekretær Roger Sandum (SV) i Kunnskapsdepartementet.

– Feil at det ikkje er blitt fleire menn

Roger Østlie Sandum i Kunnskapsdepartementet

Roger Sandum, statssekretær i Kunnskapsdepartementet (SV), seier barnehagar har vore ei prioritert politisk satsing for regjeringa.

Foto: Esben Johansen

Kunnskapsdepartementet meiner det er feil å seie at det ikkje er blitt fleire menn i barnehagane siste åra.

– Sjølv om barnehagesektoren har vorte betydeleg større, har talet på menn vore stabilt på rundt 8 prosent. I realiteten betyr dette ein vekst, seier Sandum.

– Frå 2009 til 2010 var det for eksempel 470 fleire menn som starta i barnehage. Tar ein med vaktmeistrar og anna personale er rundt 10 prosent av alle tilsette i barnehagane menn. Dette er berre halvvegs til målet, men Noreg er likevel det landet som har fått best resultat samanlikna med EU-landa, seier statssekretæren.

– Kan regjeringa bidra til at løna i barnehagane aukar slik at det blir meir attraktivt å jobbe der?

– Løns- og arbeidsvilkår er først og fremst partane i arbeidslivet sitt ansvar. Regjeringa kan ikkje gripe inn i partssamarbeidet. Men vi kan bidra til å heve status og interesse for det viktige arbeidet i barnehagane, seier Roger Sandum (SV) i Kunnskapsdepartementet.