Hopp til innhold

– Lite framtidsretta med eitt felt

Forslaget om eitt felts tunnel på fylkesvegen mellom Geiranger og Eidsdal blei onsdag avvist. Avleggs, meiner politikarane.

Reguleringsplan for fv 63 - Val av tunnelklasse

LITE FRAMTIDSRETTA: Politikarane i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal meiner forslaget om eitt felts tunnel på fylkesvegen mellom Geiranger og Eidsdal er lite framtidsretta.

Foto: saksframlegget til fylkesrådmannen

– Å byggje tunnel med berre eit køyrefelt høyrer til fortida.

Det meiner politikarane i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Onsdag avviste eit samla samferdselsutval i Møre og Romsdal forslaget frå fylkesadministrasjonen om eitt felt i tunnel på Fv 63.

Framtidsretta

Strekninga det er snakk om er ein 4,4 kilometer lang tunnel med eitt felt frå Korsmyra og Indreeide på vegen mellom Geiranger og Eidsdal. Strekninga har tidlegare vore prega av fleire ras, og den nye tunnelen skal vere ein del av rassikringa på Fv 63.

Charles Tøsse

FRAMTID: Charles Tøsse meiner ein må tenke framover i tunnelsatsinga.

Foto: Aina Rødal / NRK

Fylkesrådmannen foreslo i går ein eitt felts tunnel med møteplassar for kvar 250 meter. Charles Tøsse frå Høgre meiner forslaget er lite framtidsretta.

– Vi er trass alt i 2014 og skal planlegge ein tunnel for framtida. Eg meiner at vi har kome så langt i utviklinga at den tida der ein planlegger ein tunnel med berre eitt felt, den er forbi, seier Tøsse.

Høgrepolitikaren får støtte av Hege Gagnat frå Arbeidarpartiet. Ho meiner det er kortsiktig tenking å bygge ein tunnel med berre eitt felt.

– Vi må tenke lenger enn akkurat det behovet dei som nyttar vegen i dag har, seier Gagnat.

– Men ein tunnel med eitt felt let seg gjennomføre?

– Det gjer det. Men eitt felt er eitt felt, og då blir det eit trasig køyremønster på strekninga, seier Gagnat.

Hege Gagnat

KORTSIKTIG: Hege Gagnat meiner eitt felts tunnel er ei kortsiktig løysing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ho meiner det er viktig å hugse at ikkje alle er like kjende på strekninga, og at ein også må tenke på dei som sjeldan er på besøk.

– To felt er meir framtidsretta. Ein byggjer ikkje tunnelar slik som ein gjorde for førti–femti år sidan lenger, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL