Hopp til innhold

Lærlingar synest dei får dårleg opplæring

Lærlingombudet i Møre og Romsdal seier dei får fleire telefonar enn før frå lærlingar som synest dei får for dårleg opplæring.

Monica Molvær

Snart skal elevane ved Borgund vidaregåande skole ut i arbeidslivet. Mange lærlingar meiner dei ikkje får opplæringen dei har krav på.

Monica Molvær

Monica Molvær seier at ho får inn fleire klager enn før frå lærlingar som meiner at det ikkje får god nok opplæring.

Foto: Trond Vestre / NRK

Om ikkje lenge skal elevane ved restaurant- og matfag ved Borgund vidaregåande skule i Ålesund ut i arbeidslivet. Som lærlingar skal dei både få opplæring og praksis i faget sitt. Renate Kragseth Skotte drøymer om å få lærlingplass innan kjøttskjering eller kokkefaget.

– Eg forventar at eg får den opplæringa eg treng, seier Skotte.

Mange klagar

Men ifylgje lærlingsombod Monica Molvær er det slett ikkje alle som får det dei har krav på. Ho opplever at fleire enn før seier frå om dårlege forhold. Dei tar kontakt med ombodet fordi dei meiner at opplæringa ikkje er god nok.

– Det trist når dei møter arbeidslivet for første gong og får ei slik oppleving. Arbeidsgivar har eit ansvar når det skal utdannast fagarbeidarar, seier Molvær. Ho meiner det er behov for så mange lærlingar som mogleg.

LES OGSÅ:

Føler seg utnytta

– Vert lærlingane utnytta som billeg arbeidskraft?

– Ein skal vere forsiktig med å bruke det omgrepet, for det er mange bedrifter som gjer ein fantastisk innsats. Men det er nokre lærlingar som opplever å bli brukt som billeg arbeidskraft, seier Molvær.

Har aldri høyrt om problema

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg i NHO seier at de ikkje har høyrt om problemet før.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

NHO seier dei ikkje kjenner til opplæringsproblema som lærlingombodet fortel om.

– Eg er overraska og det er heilt ukjent for oss i NHO, seier regiondirektør Toril Ytreberg. Ho understrekar at ho berre svarar for NHO sine medlemsbedrifter i Møre og Romsdal.