Hopp til innhold

– Ikkje ok med poteter frå i forgårs

Dei eldre på omsorgssenteret i Skodje får mat frå i går og forgårs: – Det skulle ikkje vore lov.

Mat eldre

Ved omsorgssenteret i Skodje får dei varmmaten tilkøyrd frå nabokommunen Ålesund, og ofte er det maten som kom i går eller forgårs som blir varma opp.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vallogo

Eldre folk klagar sjeldan på maten. Det er uhøfleg. Og eldre folk elskar poteter. Men oppattvarma poteter blir ikkje det same.

Ved omsorgssenteret får dei no varmmaten tilkøyrd frå nabokommunen Ålesund, og ofte er det maten som kom i går eller forgårs som blir varma opp.

NRK melde i går at der er ulikt kor mykje pengar kommunane brukar på mat til eldre på sjukeheim. Skodje-politikarane la ned kjøkkenet ved Skodje omsorgssenter for å spare opp mot 300 000 kroner i året.

Maten som kjem frå Ålesund på måndag, er den dei får både måndag, tysdag og onsdag.

Mat eldre

Frivillige er innom på Skodje omsorgssenter for å servere mat til heimebuande pensjonistar. Men maten kjem frå Ålesund. F.v.: Rigmor Berg, Camilla Skodje og Turid Løvoll.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Når NRK er på besøk er det fiskepudding, grønsaker og poteter på menyen for bebuarane. Denne dagen er folk frå Skodje Frivillige Aktivitetssenter på plass for å servere middag til heimebuande pensjonistar som er innom ein gong i veka. Også denne maten kjem frå Ålesund.

– Å legge ned kjøkkenet var noko av det verste skodjepolitikarane kunne gjere, seier Gunnar Gundersen. Han tvilar sterkt på at kommunen sparer noko på å få middagen frå Ålesund.

Mat eldre

Gunnar Gundersen trur Skodje kommune totalt sett taper på å ha lagt ned sitt eige kjøkken.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Dersom vi ser heilskapen, og reknar på det, trur eg det endar opp med minustal, seier Gundersen. Det blir ein heilt annan atmosfære når ein et der maten blir laga, seier han. Han klagar ikkje på maten frå Ålesund, men seier at rettane frå kjøkkenet i naborommet brukte å vere førsteklasses.

– Fortener betre mat

God og ordentleg mat for eldre er ei kampsak for Pensjonistpartiet i Møre og Romsdal. Fylkesleiar Dagfinn Wiik frå Vestnes meiner vi bør sjå til Sverige.

– Vi må få i gang forsøksprosjekt der det blir satsa meir på mat til eldre, både i og utanfor institusjonane. Frivillige må engasjerast, og eldre må få velje sjølve om dei vil ha tidleg eller sein middag. I Sverige har dei eigne oppskriftssett med rettar som er raske å lage.

Dagfinn Wiik

– Mattilbodet til eldre er ein skam i fleire kommunar, seier toppkandidat og fylkesleiar i Pensjonistpartiet, Dagfinn Wiik frå Vestnes.

Foto: Torstein Sonstabo

Wiik meiner eldre fortener langt betre mat enn det dei får i dag.

– Det er ei skam slik det blir gjort ein del plassar. Dette handlar ikkje berre om å få i seg maten. Det handlar om innhaldet i kvardagen til mange einsame. Folk må ha noko å sjå fram mot.

– Økonomane er redde for dette. Men ein god prat er ofte like viktig som sjølve maten, seier pensjonistpartitoppen i Møre og Romsdal.

Turid Løvoll er på plass og arbeider utan løn saman med to andre for Skodje Frivillige Aktivitetssenter.

– Eg skal kanskje flytte hit sjølv ein dag. Eg trur vi kjem til å stille langt strengare krav til maten. Landbruksminister Sylvi Listhaug snakkar om matglede. Det blir ikkje mykje av det når situasjonen er som i Skodje i dag.

Mat eldre

Det er god stemning rundt bordet, sjølv om alle saknar kjøkkenet som no er nedlagd i Skodje.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Lite blir gjort av politikarane

Løvoll legg merke til at politikarane av og til snakkar om mat og helse. – Men i praksis blir lite eller ingen ting gjort, seier ho. Ho nøler ikkje med å kalle det ein katastrofe at kjøkkenet i Skodje ikkje er i bruk.

– Matlukt i korridorane og det å kunne gle seg til middag er viktig, seier ho.

– Dette burde vere ei viktig sak i kommunevalet. Det er greitt nok med gangvegar og andre gode formål, men folk bør stemme på dei som vil hjelpe dei eldre. Det er så mange fine ord og planar, men det blir stadig færre folk til å gjere jobben, seier Turid Løvoll.

Rigmor Berg er sjef for det frivillige aktivitetssenteret. Ho saknar det å få maten rett frå naborommet:

– Vi har eit flott kjøkken, og vi hadde flinke folk her. Eg skjøner at det skal sparast, men dette er å byrje på feil plass. Kjøkkenet må opnast opp att, seier ho.

Ordføraren: – Nødvendig

Terje Vadset

Skodje-ordførar Terje Vadset (Frp) seier det kan bli aktuelt å ta i bruk att kjøkkenet når dei skal bygge omsorgsbustader like ved.

Foto: Trond Vestre / NRK

Skodje-ordførar Terje Vadset meiner det har gått bra med mat frå Ålesund.

– Dette har vore heilt nødvendig ut frå kommunen sin vanskelege økonomi, seier Frp-ordføraren. Han meiner det er viktig for kommunen å spare 300 000 kroner i året.

– Men er det ikkje flaut å vite at bebuarane ikkje får nykokt mat?

– Eg vil ikkje bruke det ordet. Vi skal bygge omsorgsbustader, og då får vi ein større «kundekrins». Då kan det kanskje bli aktuelt med ei gjenopning av kjøkkenet, seier Vadset til NRK.

– Men fortener ikkje dei eldre skodjebygdarane som bur her å få mat rett frå kjøkkenet?

– Kva måte maten blir til på er vel ikkje så nøye. Men dei skal ha god og ordentleg mat, seier ordførar Terje Vadset.

– Må opnast opp att

– Politikarane må ta tak i dette og ordne det slik at kjøkkenet blir gjenopna, seier Bjørg Fremmerlid, som er innom for kaffi og bingo.

– Det skulle ikkje vore lovleg å legge ned kjøkkenet på det som er ein heim for mange, seier Ingrid Strømmen.

Laster innhold, vennligst vent..