Hopp til innhold

– Høie må ta ansvar

Redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse trur ikkje Bent Høie sitt svar til Kontroll- og konstitusjonskomiteen er nok for å unngå ei opa høyring i sjukehussaka. I sitt svar på komiteen sine sju nye spørsmål held Høie fast ved at han ikkje har gjort noko gale.

Magne Lerø

Redaktør i Ukeavisen Ledelse, Magne Lerø, trur Kontroll- og konstitusjonskomiteen kjem til å gå for opa høyring i sjukehussaka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Høie har svart godt for seg, men eg trur ikkje det er tilstrekkjeleg til at Kontroll- og konsititusjonskomiteen droppar ei høyring, seier redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie har måndag levert sine svar på Kontroll- og konstitusjonskomiteen sine sju nye spørsmål om handteringa av sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal, opplyser Tidens Krav .

Les Høie sitt brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen

– No kan det vere lurt å lufte ut

Magne Lerø trur at Kontroll- og konstitusjonskomiteen i morgon kjem til å bestemme at det skal vere ei opa høyring på Stortinget. Han trur også at heile sjukehusmiljøet både i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt Norge vil ha godt av at Stortinget forsøkjer å finne ut av kva som har skjedd.

– Det er mange spesielle ting som har føregått i denne saka, så eg synest det kan vere lurt å lufte ut og belyse kvar grensa går.

Lerø meiner at saka ikkje har vorte løyst på ein god måte og at Høie må også ta sitt ansvar for det. Han peikar også på at ein har hatt mange eksempel på at Høie har ei sterk styring som fører til at fleire direktørar har gått av.

– Om han ikkje har brote lova kan ein spørje seg om dette har vore ei god behandling.

Utsette opa høyring

Usikkerheit om helseminister Bent Høie påverka helseføretaka til å velje Molde framfor Kristiansund har mellom anna fått ti nordmørskommunar til å krevje ei opa høyring i Stortinget om saka.

23.desember sendte Høie eit brev til Kontroll- og konstitusjonskomiteen der han forklarte si rolle i sjukehussaka. 6.januar bestemte fleirtalet i komiteen at dei ville stille Bent Høie sju nye skriftlege spørsmål før dei tok stilling til ei høyring.

– Vi treng meir informasjon frå helseministeren før vi avgjer om sjukehussaka i Møre og Romsdal skal opp, sa medlem i komiteen, Rasmus Hansson frå Miljøpartiet De Grønne etter avgjerda.

Les:

Høie fekk frist til tysdag 13. januar klokka 14.00 med å svare på spørsmåla. Hovudspørsmålet frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen er om helseministeren har gitt signal som er i strid med lova.

Les også:

Bent Høie

Helse- og omsorgsminister Bent Høie meiner han ikkje har gjort noko ulovleg i sjukehussaka.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Hemmeleg prosess

Det var alt anna enn roleg rundt Helse Møre og Romsdal, Helse Midt og helseminister Bent Høie før jul, og uroa heldt fram i det nye året.

I desember gjekk både helseføretaka og helseministeren inn for at det nye sjukehuset i Møre og Romsdal skal ligge på Hjelset i Molde og ikkje på Storbakken i Kristiansund. Helse Møre og Romsdal sitt vedtaksmøte fekk ei dramatisk opning, der det vart lagt fram påstandar om både korrupsjon og utpressing.

Januar opna med at e-postar mellom styreleiarane og direktørane i dei to helseføretaka vart frigjort. Her kom det fram at sjukehusstriden kan ha vore avgjort på førehand.

Les:

I den omfattande e-post-korrespondansen vart det avslørt ein prosess som skulle haldast hemmelig, samtidig som at alle parter skulle framstå som samkøyrde og einige om tomtevalget.

4.desember, drøye to veker før sjukehusavgjerda skulle takast, får styreleiar i Helse Møre og Romsdal, Stein Kinserdal, eitt minutt med Bent Høie under ein konferanse i Oslo. Kinserdal omtalar møtet med Høie på følgjande måte i ein e-post til Astrid Eidsvik:

«Hei Astrid, Jeg er i Oslo i Spektersammenheng, og fikk tilfeldig ett minutt med Bent Høie. Han lurte på hvordan innspurtsuka i Møre og Romsdal, og jeg sa den er krevende, særlig for deg/dere. Han sa det vi vet; at det er viktig at innstillinger til vedtak i HMR og HMN peker på samme lokalisering. Jeg svarte ham ved å si at det er gode begrunnelser for begge tomtealternativ. Han lot det da skinne gjennom, men uten at han sa det eksplisitt, at han mener Hjelset er det opplagte valget. Han ble trukket videre inn i lokalet før jeg fikk spurt ham om han ville ha foretaksmøte på saken. Jeg er klar over at ovenstående ikke nødvendigvis bidrar i dine avklaringsrunder. Lykke til! Mvh Stein»

Stein Kinserdal

Held fast ved si uskuld

Måndag sendte helseminister Bent Høie eit brev til Kontroll- og konstitusjonskomiteen, der han held fast ved at han ikkje har gjort noko gale i saka.

– Eg har ikkje oppfatta at nokon styremedlemmar har opplevd at dei har vore utsette for noko form for instruksjon frå mi side, skriv Høie i brevet til Kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Eitt av komiteen sine spørsmål er om det eksisterer ei grense for kva styringssignal som kan verte gitt utanom føretaksmøta.

– Dersom eg for eksempel utanom føretaksmøtet skulle gi styreleiaren eit eksplisitt pålegg om å sørgje for at styret i det regionale helseføretaket fattar eit bestemt vedtak, og samtidig gir uttrykk for at eg ikkje sjølv meinte å fatte vedtak i føretaksmøte i saka, ville det etter mi oppfatting vere eit forsøk på styring som ikkje er i tråd med helseføretakslova.

Likevel understrekar Høie i brevet at det ikkje var dette som skjedde i denne saka.

«Usikkerheit»

Helseministeren vedgår at saka har skapt usikkerheit og at ein bør sikre ei meir «felles forståing».

– På bakgrunn av debatten og påstandar som har kome fram i høve desse spørsmåla, ser ein at det i føretakssystemet og i det offentlege rom kan vere skapt usikkerheit om forståinga av enkelte punkt i helseføretakslova og praktiseringa av desse.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal i morgon vurdere om dei vil kalle inn helse- og omsorgsminister Bent Høie til høyring i saka.

Les:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL