Hopp til innhold

– Historisk dag for Sunnmøre

Høgre-ordførar Jan Berset i Ulstein meiner det er historisk at tretten kommunar rundt Ålesund er blitt samde om å gå vidare i arbeidet med ein storkommune på Sunnmøre.

Historisk avtale

Skodje-ordførar Terje Vadset (Frp) skriv under. Stordalsordførar Charles Høsse (H, t.v.) og Roar Dyb-Sandnes frå Giske Ap t.h.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dei 13 kommunane er: Ålesund, Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven, Sandøy, Hareid og Ulstein.

Dokumentet vart underteikna fredag. Kommunane må truleg ha avklart vegvala sine før nyttår.

– Etter mi vurdering er dette eit historisk dokument, også i nasjonal samanheng, seier Ulstein-ordførar Jan Berset.

Jan Berset

- Dokumentet er historisk, også i nasjonal samanheng, seier Jan Berset, ordførar i Ulstein.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tretten kommunar er mykje. Eg tvilar på at det er mange andre regionar i landet som har klart å samle seg slik.

– Hafast må på plass

– Er det også historisk at Ulstein i ein slik samanheng ser over fjorden til Ålesund?

– Ja, det er til dei grader historisk. Skal vi få innbyggarane våre til å forstå at dette er nødvendig, er vi nøydde til å få på plass samferdselsprosjekta våre. Hafast må på plass.

Mange motkrefter

Ordføraren i Ulstein meiner det framleis er mykje som kan skjære seg:

– Vi har ein kjempejobb med å overtyde innbyggarane om at dette er vegen å gå. Det er mange motkrefter. Men vi har eit godt, gjennomarbeidd utgangspunkt no, som eg har tru på, seier Ulstein-ordføraren.

– Stort opplæringsbehov

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste meiner at kommunereforma skaper eit stort behov for opplæring av nye folkevalde.

– Dei må få nok kunnskap og innsikt til å kunne vurdere utfordringane. Regionråda jobbar godt med å få fram fakta. Sitjande politikarar har mykje innsikt. Men no kjem det nye politikarar som treng opplæring med fokus på kommunereforma.

Rigmor Brøste

Rigmor Brøste, ass. fylkesmann, meiner det blir eit stort behov for opplæring av nye folkevalde denne hausten.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er kort tid til viktige vedtak skal fattast, og dei folkevalde får også mykje anna å tenke på utover hausten. Brøste har likevel tru på at kommunereforma får høg prioritet:

– Det er bra drivkraft i kommunane. Nokre få sakkar akterut. Då må vi hos fylkesmannen og regionråda hjelpe til for å halde oppe trykket, seier Rigmor Brøste, assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL