Hopp til innhold

– Heilt uforståeleg

Naboane er rysta etter at at ei kvinne blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin i Sula natt til søndag.

Naboane er rysta etter at at ei kvinne blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin i Sula natt til søndag.

VIDEO: Nabo Liv Fostervoll er skremd etter valdtektsforsøket i Sula natt til søndag.

Kvinna har opplyst at ho blei forsøkt valdteken i omsorgsbustaden sin natt til søndag. Valdtektsforsøket har truleg skjedd i halv femtida søndag morgon.

Liv Fostervoll bur i nabolaget og er skremd av hendinga i helga.

– Det er heilt uforståeleg at nokon kan finne på noko slikt.

Ringde på midt på natta

I ettermiddag gjekk politiet frå dør til dør i området. Liv Fostervoll heldt si dør stengd natt til søndag. Det kan ha vore gjerningsmannen som ringde på.

– Eg vakna av at eg høyrde nokon som gjekk rundt huset, så ringde telefonen. Klokka var 04.00 og eg tenkte først at eg måtte svare, for kanskje nokre av mine næraste hadde vore ute for ei ulykke.

Liv Fostervoll bestemte seg for å ikkje ta telefonen, men berre eit minutt etter ringde det på døra.

– Og slik heldt det fram. Det ringde fire gongar i dørklokka mi. Då skjønte eg at noko var gale, fortel Fostervoll, som først fortalde om opplevinga si til Sunnmørsposten.

Nabolag

Det var i dette nabolaget i Sula valdtektsforsøket skjedde.

Foto: Terje Reite / NRK

Ber om private videoopptak

Sidan søndag har politiet etterforska saka, og har også patruljert området. Dei ønskjer å kartleggje alle bevegelsar frå folk og køyretøy som var i området då kvinna blei forsøkt valdteken. Politiet bed no spesielt om videoopptak frå privatpersonar.

I området er mange urolege, ikkje minst fordi det er andre gong på kort tid det har oppstått ei sak der ei eldre kvinne er valdteken eller forsøkt valdteken.

Politiet ber no folk i området om å låse dører og lukke vindauge når dei legg seg for natta.

– Folk har grunn til å vere varsame. Det har vore to saker på kort tid. Folk må gjerne låse dører og stenge vindauge når dei legg seg, seier lensmann i Sula, Kenneth Huse.

Politiet i Ålesund får no hjelp frå Kripos med den taktiske etterforskinga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL