Hopp til innhold

– Hafast er eit sterkt argument for midtre line

Om kort tid skal Regjeringa også legge fram kva rute den ferjefrie E39 skal følgje mellom Volda og gjennom Nordfjord. Tilhengarane av bru over Voldsfjorden og mellom Anda og Lote meiner valet av Hafast styrkjer det midtre alternativet.

Odd Folkestad

Odd A. Folkestad er gruppeleiar for Ferjelista i Volda kommunestyre. Han meiner at valet av Hafast no bør føre til at det også blir bru over Voldsfjorden og at E39 skal gå gjennom Stigedalen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vegvalet for ferjefri E39 synest klart for mesteparten av den nye hovudvegen gjennom Møre og Romsdal. Men i sør er det framleis strid, og vegvalet spriker mellom ei midtre og ei indre line mellom Volda og Nordfjord.

Tilhengarane av ei midtre line vil ha bru over fjorden mellom Volda og Folkestad, medan tilhengarane av den indre lina vil la E39 følgje Kvivsvegen.

I Volda har fjordkryssinga alt fått politiske følgjer. Ved siste kommuneval fekk Ferjelista inn to representantar i kommunestyret. Lista arbeider mellom anna for eit betre samband over Voldsfjorden og for at E39 skal gå gjennom Bjørkedalen og Stigedalen.

Hafast Fefast

– Kan ikkje velje noko anna

Valet av Hafast inneber at E39 skal svinge ut til ei ytre kystline mellom Volda, Ulstein, Hareid og Sula.

Forkjemparane for Volda-Folkestad-Bjørkedalen Stigedalen meiner at argumentet for denne lina dermed er styrka, og at det vil vere galskap å la E39 gå aust om Voldsfjorden og inst i Nordfjord gjennom Kvisvegen.

På bakgrunn av det som blei sagt om Hafast i går, går det ikkje an å velje noko anna enn ei midtre line for E39. Og ei flytebru over Voldsfjorden vil vere den enklaste brua å byggje på heile den ferjefrie strekninga mellom Sør-Trøndelag og Sørlandet, seier gruppeleiar i ferjelista Odd A. Folkestad til NRK.

Det er førebels ikkje kjent når regjeringa vil offentleggjere kva strekning dei meiner E39 skal følgje mellom Volda og Skei. Men Odd A. Folkestad meiner det einaste logiske no er at E39 skal halde fram som i dag, med bru over Voldsfjorden og mellom Anda og Lote over Nordfjorden.

Når regjeringa kjem med strekningsvalet mellom Volda og Skei får vi brukryssing over Voldsfjorden, vi får Stigedalen og bru over midtre Nordfjord.

– Farleg å forskottere

Ordførar i Volda, Arid Iversen, støttar også ei midtre linje. Men han tør ikkje i like stor grad å ta valet av Hafast til inntekt for at regjeringa alt har bestemt seg for ei midtre linje mellom Sunnmøre og Nordfjord.

Arild Iversen

Arild Iversen er ordførar i Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vi skal vere forsiktige med å forskottere dette. Og regjeringa vil heilt sikkert ta stilling til vegvalet på sjølvstendig grunnlag. Men om vi ser for eksempel på valet av bruløysing over Halsafjorden, der regjeringa vil ha flytebru med ny teknologi, så er dette interessant også i forhold til kryssing av både Voldsfjorden og Nordfjorden, seier Iversen.

Arild Iversen ser også ei rekkje argument i valet av Hafast som også kan nyttast for ei midtre line mellom Sunnmøre og Nordfjord.

Regjeringa brukar regionbygging som argument for å legge E39 ut til Hareidlandet. Vi brukar same argumenta for den midtre lina i vårt område, seier Iversen.

– Men nokon vil seie at det er galskap å byggje bru over Voldsfjorden når Kvivsvegen alt er bygd?

– Ja, nokon vil kanskje det. Og det er rett at Kvivsvegen blei bygd som ein del av E39. Kvivsvegen er eit flott anlegg, og kjem til å vere eit viktig aust-vest-samband når vegen over Strynefjellet blir utbetra, seier Volda-ordføraren.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

Forkjemparane for den midtre lina vil ha bru over Voldsfjorden, veg gjennom Stigedalen og bru over midtre Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

– Hafast er ingen omveg

Verken Arild Iversen eller Odd A. Folkestad legg særleg vekt på at Hafast-alternativet inneber lenger reiseavstand enn det Fefast ville ha gjort.

Det er ikkje alltid at den beinaste lina mellom A og B er den beste. Vi må sjå vegvala i ein samfunnsmessig samanheng. Når vi ser på samfunnsrekneskapen då gjev resultatet seg sjølv, seier forkjemparen for bru over Voldsfjorden og veg gjennom Stigedalen.

– Men er det ikkje ein omveg mellom Volda og Ålesund?

– Eg ser ikkje på dette som nokon omveg. Hafast er det beste alternativet som gjev best regional effekt, meiner Folkestad.

Folkestad let seg heller ikkje skræme av at det kan bli vanskeleg å byggje Eiksundsambandet ut med eit ekstra tunnelløp.

Om Fefast hadde blitt valt, så måtte vi ha gjort store utbetringar på vegen på Vartdalsstranda også. Og no kjem det mykje ny teknologi på både tunnel og brusida. Om vi treng å utvide Eiksundsambandet på eit tidspunkt, kan dette godt skje med flytebru-teknologi, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL