Hopp til innhold

– For tidleg å tenke tabell

Hødd ligg på ein foreløpig andreplass i 1. divisjon etter ni spelte serierundar. Likevel meiner hovudtrenar Sindre Eid det er for tidleg å tenke tabell.

Sindre Eid

ARKIVFOTO: Hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid, meiner det er for tidleg å fokusere på årets tabellplassering.

Foto: nrk

– Det handlar om å gjere ein god jobb i kvardagen. Trene godt og riktig å få maks ut av det vi kan gjere noko med, og ikkje sjå for mykje på verken tabell eller andre ting, seier Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd.

Måndag, 2. pinsedag klokka 18:00 møter dei Bryne til den tiande serierunden i 1. divisjon. Eid forventar ein utfordrande kamp på bortebane i Jæren.

– Bryne har variert så langt i serien, men fekk ein sterk siger sist, så vi forventar ein tøff kamp. Men vi gler oss til kamp og er godt førebudd, så eg trur vi har ein god sjanse, seier trenaren.

– Må halde fokuset på oss sjølv

Etter ni spelte kampar ligg Hødd no på ein «trygg» 2.-plass på tabellen med 18 poeng, to poeng bak Sogndal på topp. Sandnes Ulf ligg på ein foreløpig tredje plass med 15 poeng, etterfølgt av Kristiansund BK på fjerde og Follo FK på femte, som begge har 15 poeng.

Følg kampen direkte kl. 18:00. (Saka held fram etter tabellen).

Laster innhold, vennligst vent..

Ein tredjedel inn i årets sesong ser det lovande ut for laget frå Ulsteinvik.

– Ligaen er tett og jamn, og slik vil det vere utover, så det er umogleg å seie kva som skjer. Vi har eit mål om å vere topp seks når vi har spelt halvparten av kampane, og enn så lenge ligg vi godt an, seier Eid.

Hovudtrenaren vil likevel ikkje ta feiringa på forskot, og meiner det er viktig å ikkje fokusere for mykje på tabellen, men at laget heller må fokusere på seg sjølv.

– Tabellen har berre betydning når siste seriekamp er spelt og det er ein lang sesong. Vi registrerer at vi har gjort det bra så langt og vi ønsker å halde fram med det, plukke poeng og utvikle oss vidare, og så får vi telje opp til slutt, seier Eid.

– Det handlar om å ha fokus på den noverande situasjonen og eit ynskje om å bli betre, held han fram.

Nesten skadefri stall

Hødd stiller med ein nesten skadefri stall etter ein lang periode med tett kampprogram.

Vegard Heltne, Bendik Torset og Jan-Lennart Urke er alle tilbake frå skade, og i tillegg returnerer Karl Joachim Wrele frå karantene, etter å ha stått over kampen mot Åsane. Ole Monrad Alme er sjuk og står over, medan Erik Sandal framleis berre er på 90 % av maks.

Eid er glad for at dei stiller med ei styrka lag før søndagens kamp.

– Det er berre positivt. Vi har fleire å velje mellom og det blir større konkurranse om plassane på laget, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..