Hopp til innhold

Er ikkje overraska over vedtaket

Per Sævik gir ikkje opp kampen om Fjord1, til trass for at fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å selje aksjane til konkurrenten Torghatten.

Per Sævik

Per Sævik seier at han ikkje gir opp kampen om Fjord1, sjølv om fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å selje aksjane til konkurrenten Torghatten.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Med 16 mot 15 røyster vedtok fylkestinget måndag kveld å selje Fjord1-aksjane til konkurrenten Torghatten.

Per Sævik, er ikkje overraska over vedtaket, og har ingen planar om å gi opp kampen for Fjord1-aksjane.

– Eg var førebudd på at det var det som ville bli utfallet, så det var inga stor overrasking. Resultatet vart eit fylkesting som var svært delt i saka, men der fleirtalet gjekk for Torghatten, seier Sævik til NRK.no etter vedtaket.

«Klar forskjellsbehandling».

Sævik har tidlegare protestert mot fylkeskommunen sitt forslag om å selje Fjord1-aksjane til Torghatten.

Vedtak i fylkestinget

Med 16 mot 15 røyster vedtok fylkestinget måndag kveld å selje Fjord1-aksjane til konkurrenten Torghatten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjennom selskapet Havilafjord eig Per Sævik 41 prosent av aksjane i Fjord1. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig dei resterande 59 prosent av aksjane i selskapet. Sævik har tidlegare vist til at han er minoritetseigar i Fjord1 og at han dermed har forkjøpsrett til resten av selskapet.

– Vi føler at det har blitt brukt finurlege metodar for å unngå forkjøpsretten som vi har hatt ifølgje aksjelova, seier Sævik.

I eit brev til fylkeskommunen har Sævik beskrive salsprosessen som «særdels uryddig» og meiner at det har vore ei «klar forskjellsbehandling».

– Vi meiner at måten fylkeskommunen har unngått vår forkjøpsrett på ikkje er grei, seier han.

Vil gå rettens veg

Sævik har fleire advokatar på saka, og har tidlegare uttalt at han er villig til å ta saka heilt til Høgsterett dersom dei ikkje får nytte forkjøpsrett ved sal av aksjar. Til NRK.no seier Sævik at vedtaket til fylkestinget ikkje endrar noko.

– Vi kjem til å gå vidare med saka for å få vurdert om dette er eit vedtak som står seg eller ikkje.

Vi har tidlegare annonsert at vi kjem til å forfølgje forkjøpsrettsproblematikken og kjempe for våre rettar, og det kjem vi heilt klart til å gjere, seier han.

Sævik meiner at fylkeskommunen har prøvd å manøvrere seg rundt forkjøpsretten, og meiner det må vere opp til retten og avgjere om denne saka har vore handtert på ein god nok måte. Han ser ikkje bort frå at det kan bli ein langvarig prosess.

– Dette er noko rettsapparatet må ta stilling til, og det kan ta fleire år før det blir ei endeleg avklaring på det, seier Sævik.

Dette er vedtaket:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune sel aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Salet inneber eitt trinnvis sal av aksjane ved at fylkeskommunen først sel 50 % av aksjane, medan Torghatten får ein rett (opsjon) til å kjøpe resterande 50 % tidlegast 1. januar 2017. Om Torghatten ASA ikkje nyttar denne opsjonen, har fylkeskommunen høve til å selje resterande 50 % til Torghatten ASA etter 1. januar 2019.»