Hopp til innhold

Lever med ein P4-journalist i hovudet

Røysta til P4-journalisten er i hovudet hennar heile tida. Han fortel henne kva ho skal gjere og kallar henne stygg og fæl. Anne-Lise Mikkelsen Tellnes (48) har diagnosen schizofreni.

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes har ein schizofreni-diagnose, men ser ikkje på det som å vere gal. – Eg er eit heilt normalt menneske som har ein sjukdom, seier ho til NRK.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Kvar dag høyrer ho ei røyst i hovudet. Det gjekk opp for henne at det var røysta til ein ho hadde høyrt på P4.

Michael Andreassen

P4-journalist syntest ikkje det høyrdes kjekt ut å ha hans stemme i hovudet konstant, fortel Anne-Lise.

Foto: NTB scanpix

Ho kan le av det sjølv no. For oss andre høyrest det ut som ho er riv ruskande gal, men dette er kvardagen til Anne-Lise Mikkelsen Tellnes, som først stod fram med historia si i lokalavisa Nordre.

– Mannen min er ganske lei av å høyre om han, og når eg har gått til terapi har psykologen min stønna og sagt ikkje meir om han P4-journalisten no. Han er også lei av å høyre at P4-journalisten har sagt at eg skal gjere ditt og datt.

Det gjekk ei lita stund før ho forstod kven stemma var. Plutseleg gjekk det opp for ho at det var P4-journalist Michael Andreassen.

– Då det gjekk opp for meg sende eg ein e-post til han og fortalde, mellom anna, kva eg opplevde. Eg fekk svar frå han, og han sa han syntest synd på meg. Han syntest ikkje det var særleg kjekt at nokon gjekk rundt og høyrde stemma hans i hovudet heile tida, seier Anne-Lise, før ho flirer hjarteleg.

Sonen fann henne i ein blodpøl

Katten har krølla seg saman i hjørnet på sofaen til Anne-Lise Mikkelsen Tellnes (48) på Skodje på Sunnmøre. Veggen bak henne er full av bilete og takkekort frå familie og vener.

– Det er ikkje noko eg kan styre. Det berre er der heile tida. Eg kan le av det no, men det er ikkje så veldig kjekt når eg er dårleg, seier Anne-Lise når ho sit i stua si og fortel om røystene ho har i hovudet.

Røystene er der konstant, både når ho har gode og dårlege periodar. Når ho er inne i ein dårleg periode, kommanderer røystene henne.

Røystene kan vere sinte og kjefte på meg. Han kan fortelje meg at eg er stygg, at eg har på meg fæle klede og at ingen kan vere glade i meg.

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes

Anne-Lise ser heilt frisk ut. Ingen kan sjå at ho er sjuk, for ho haltar ikkje, ho har ingen sår og manglar ingen kroppsdelar. Men ho er sjuk og beskjedane ho får frå hovudet kan vere brutale. Dei kan vere at ho skal kutte seg opp og at ho skal øydeleggje ting.

Det verste var den gong sonen hennar på seks år kom heim og fann henne i ein blodpøl på kjøkkengolvet.

– Då var eg veldig dårleg. Eg følte at ved å kutte meg opp, så tok eg bort smerta eg hadde inne i sinnet mitt og i hjartet mitt.

– Det å sjå blodet renne kjennest godt, faktisk. Men det er ganske dramatisk for ein seksåring å finne mamma på golvet på den måten.

Starta med betennelse på balansenerven

For 17 år sidan merka byggingeniøren Anne-Lise at noko var gale. Det var då den høgst oppegåande dama byrja å høyre røyster som kom innanfrå.

– Då eg byrja å høyre røyster i hovudet, tenkte eg at no har det klikka for meg. No har det skikkeleg klikka for meg.

Ho merka det første i 1996. Då fekk den no 48 år gamle dama ein betennelse på balansenerven. Ho mista høyrselen, noko som viste seg å vere psykisk og ikkje fysisk.

– Eg var døv i fire år, og vi måtte lære oss teiknespråk. Eg høyrde ingenting og sprengde høgtalarane på stereoanlegget i forsøket på høyre, fortel Anne-Lise.

Ho fortel om dramatiske augneblinkar, og svært mykje tilpassing. Men familien kom seg gjennom det.

Var byplanleggar i Bergen kommune

Før sjukdom tok henne hadde ho både god jobb og ein stor vennekrins.

Sandviken sjukehus

Anne-Lise var innlagd på psykiatrisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Eg er utdanna byggingeniør og jobba som byplanleggar i Bergen kommune i mange år. Eg var velfungerande, oppegåande, utadvendt og hadde mange venner.

Det var til ho litt plutseleg blei innlagt på psykiatrisk klinikk på Haukeland sjukehus. Opphaldet der blei ganske langt.

– Folk forsvann, sakte, men sikkert rundt meg. Spesielt på grunn av at eg ikkje høyrde, seier Anne-Lise.

– Då eg fekk høyrselen tilbake etter fire år, var folk på ein måte vekke. Det å forstå då at det å ikkje høyre kunne vere ei psykisk liding, det hadde folk veldig vanskeleg for å forstå.

Det skulle bli verre:

Då eg fekk igjen hørselen, og prøvde å fungere med ei psykisk liding, blei det endå verre. Folk forstod det ikkje, folk skugga banen og unngjekk meg. Eg måtte byggje opp eit nytt nettverk.

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes

No har ho eit nytt nettverk, med gode venner ho kan stole på.

– Dei har følgt meg gjennom vondt og vanskeleg i mange år.

– Eit dobbeltap

Det var derimot ein lang prosess, og det å miste nære venner var nesten like sårt som å vere sjuk.

– Ja, det blei eit dobbeltap, faktisk. Du mister sosiale relasjonar, jobben ... Du mister alle beina du har å stå på, og eg måtte klare meg på nytt og definere kva eg skulle gjere.

No er ho engasjert i Mental Helse, der ho har funne mange venner.

– Det er mange gode relasjonar, og eg har hatt mykje å hente der, slår Anne-Lise fast i prat med NRK.

Anne-Lise Mikkelsen Tellnes

Heime i Skodje har Anne-Lise opp- og nedturar.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Normalt menneske med ein sjukdom

Etter mange år har ho lært seg å leve med sjukdomen.

– Eg har ein schizofreni-diagnose, men eg ser ikkje på det som å vere gal. Eg er eit heilt normalt menneske som har ein sjukdom.

Ho forstår derimot godt at det kan vere vanskeleg for andre å sette seg inn i problema hennar. Ho lever i ei verd som andre rett og slett ikkje kan forstå.

– Det er klart det er slitsamt å leve med desse røystene i hovudet. Eg må halde meg til to verder. Eg har ei verd inne i meg og ei verd på utsida.

Framleis er det slik at folk rett og slett ikkje snakkar om psykiske lidingar. Mykje frykt og utryggleik er knytt til psykiske problem. Sjølv vel Anne-Lise å stå fram med sjukdomen sin, for å gje han eit andlet.

– Psykiske lidingar er ein realitet for ein heil del menneske i dag, både i Noreg og elles i verda. Eg synest det er veldig viktig at det blir sett fokus på det at folk med psykiske lidingar er heilt slik som alle andre. Det er berre det at vi har ein sjukdom som gjer at vi må bli tekne omsyn til.

– I gode og vonde dagar

Folk pratar om høgt blodtrykk, om diabetes, hjarteproblem og vonde kne.

– Men ingen pratar om at dei har store problem med å takle kvardagen, at ting går på tverke og at dei har problem med å takle angsten.

Det å vere open om sjukdomen har gjort ting enklare for Anne-Lise, men det er framleis tøffe tak på heimebane.

– Men mannen min seier at då han gifta seg med meg, så gifta han seg med meg for å leve med meg i gode og vonde dagar.

– Når eg er dårleg er det dei vonde dagane. Når eg er bra er det dei gode dagane. Så enkelt er det, faktisk, seier Anne-Lise Mikkelsen Tellnes frå heimen i Skodje på Sunnmøre.