Hopp til innhold

– Eg føler meg heldig

Gruppa Highasakite førebur ny plateinnspeling, men først har komponist og vokalist Ingrid Helene Håvik gitt seg sjølv ein velfortent påskeferie heime i Ålesund.

Gruppa Highasakite førebur ny plateinnspeling, men først har komponist og vokalist Ingrid Helene Håvik gitt seg sjølv ein liten påskeferie heime i Ålesund.

SJÅ TV-SAKA: Ingrid Helene Håvik er komponist og vokalist i den populære gruppa Highasakite. No tek ho ein velfortent pause heime i Ålesund. Foto: Besnik Zogaj/Remi Sagen. Redigering: Remi Sagen.

Vokalisten i eit av Noregs mest populære band, er heime i Ålesund og ved havlandskapet som har vore med på å forme musikken hennar. Omgivnadane på Vestlandet har i stor grad påverka Ingrid Helene Håvik som både er komponist og vokalist i bandet Highasakite.

– Eg trur omgivnadane har hatt mykje å seie for kva landskap eg førestiller meg når eg lagar låtane. Det er vanskeleg å forklare det, men eg trur eg er veldig prega av lyset og vêrforandringane i oppveksten min, seier ho.

Høyr intervjuet med Ingrid Helene Håvik frå Highasakite her:

Travelt år

Ingrid Helene Håvik

Det har vore eit travelt år for Ingrid Helene Håvik og resten av Highasakite.

Foto: remi sagen / nrk

For Highasakite har det vore eit tettpakka år med ein rekke konsertar, både i Noreg og i utlandet og topplasseringar på ein rekke platelister.

Det kan sjå ut som om 2014 var ein umiddelbar suksess for det populære bandet, men Håvik kan fortelje at det ligg mykje arbeid bak framgangen det siste året.

– Vi har jobba hardt med dette i ei lang tid, så det var fyrst på slutten av året at det gjekk opp for oss kor bra det hadde gått, seier ho.

Skal snart i studio igjen

Året 2015 starta med turne i Australia og to spellemannsprisar. Ein for «Årets popgruppe» og ein for «Årets låtskrivar». Om kort tid går gruppa i studio igjen.

– Vi er veldig positivt innstilt på at vi skal ha det hyggeleg i lag og i tillegg er vi ganske einige om kor vi skal gå, seier Håvik.

Men komponisten er klar over at det kan bli utfordrande.

– Alle har lyst til å sette sitt preg på plata, men det er ikkje alltid plass til at alle kan bidra. Det kan vere ganske leit for dei som har lyst til å utfolde seg, seier ho.

Saka held fram etter bilete.

Ingrid Helene Håvik

Ingrid Helene Håvik er heime i Ålesund der det heile starta.

Foto: Remi Sagen / nrk

Føler seg heldig

Den forrykande suksessen til Highasakite kan nokre gongar vere vanskeleg å fatte for låtskrivar og vokalist Ingrid Helene Håvik.

– Eg føler meg veldig heldig. Nokre gongar skjønnar eg ikkje kvifor eg skal få ha det så bra. Men dette er noko eg har jobba målretta mot lenge, så eg syns eigentleg eg fortener det litt også, seier ho.

Til trass for det fantastiske året til Highasakite tek ikkje Håvik suksessen for gitt.

– Det er aldri sikkert at neste plate blir ein suksess, så vi er heldige som får halde på med det vi elskar, seier ho.

Og ein tur heim til Ålesund må ho alltid.

– Ja, det er her eg har familien min. Det er liksom dette som er heime, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL