Hopp til innhold

– Eg er imponert over det han har gjort

Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide var i dag på plass i Ulsteinvik for å avduke bysten av krigsveteranen Ragnar Ulstein.

Avdukinga av statue av Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein og forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide under avdukinga i Ulsteinvik i dag.

Foto: Frode Berg / NRK

71 år etter krigen fekk Ragnar Ulstein i dag sin eigen byste framfor rådhuset i Ulsteinvik. Heimevernet stilte med æresvakt under avdukinga og det blei heldt fleire talar, mellom anna ved forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen.

Ragnar Ulstein bysteavduking

Ragnar Ulstein, forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide og forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen.

Foto: Frode Berg / NRK

Eriksen Søreide meiner at det er viktig å minnast dei som gjorde ein innsats under krigen. Ho var glad for at ho fekk æra av å avduke bysta av Ragnar Ulstein i dag.

– Det betyr mykje for meg å kunne reise rundt i landet og heidre dei som gjorde ein innsats under andre verdskrig, seier ho.

– Eg er imponert over det han står for og eg synest at denne bysta var ein fin måte å heidre han på, held ho fram.

Takknemleg

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein var takknemleg for å ha fått sin eigen byste.

Foto: Frode Berg / NRK

Bysta av krigsveteranen Ragnar Ulstein står no på rådhusplassen framfor Ulstein kyrkje. Den er laga av skulptøren Ola Stavseng og er finansiert av Sparebanken Møre.

Det var ein audmjuk veteran som i dag deltok på avdukinga i Ulsteinvik.

– Eg er veldig takknemleg for å ha fått denne bysten, og eg synest den er svært flott, seier Ulstein.

Etter avdukinga var det klart for lunsj for inviterte gjester.

Der blir det også taler og helsingar ved fylkesmann Lodve Solholm, leiar for Hjemmefrontmuseet Ivar Kraglund og skulptøren som har laget bysten.

Linjesoldaten Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein saman med skulptøren Ola Stavseng.

Foto: Frode Breg / NRK

Ragnar Ulstein var ein av dei yngste som reiste over til Shetland, og blei også blant dei yngste i Kompani Linge.

Men han markerte seg likevel blant anna under landgangen i Reine i desember 1941, og han deltok i oppbygginga av heimestyrkane i Sogn frå hausten 1944.

Etter krigen har han brukt tida som forfattar og historikar.