Hopp til innhold

– Dette må oppfattast som ein milepæl i sjukehussaka

Tysdag kveld var Stortingets kontroll- og konstitusjonskomiteen ferdig å behandle sjukehussaka. Torgeir Dahl (H) seier tomtevalet står seg og dette er ei ny tidsrekning.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl meiner at planlegginga av nytt sjukehus i Molde no kan setjast i gang for fullt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Prosessen rundt eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal har vore betent og konfliktfull. 19. desember 2014 avgjorde helseminister Bent Høie at sjukehuset skal ligge i Molde og ikkje i Kristiansund.

Saka enda i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite og seint tysdag kveld kom komiteen med sin rapport. Fleirtalet kritiserer helseminister Bent Høie, men ingen parti har mistillit til Høie. Det han får mest kritikk for er innblandinga då administrerande direktør Trond Michael Andersen vart oppsagt.

Eit mindretal på fem frå Ap, Sp og Sv rettar også kritikk mot helseministerens handtering av sjukehussaka.

LES OGSÅ:

Tomtevalet står seg

Torgeir Dahl (H) er glad for at vedtaket om tomteplassering på Hjelset står seg.

– Det er openbart at der har alle komitèmedlemmane eit behov for å markere at det ikkje er tomteplasseringa som vert diskutert. Det er ikkje meir å krangle om når det gjeld tomteplassering, seier Dahl. Han meiner rapporten betyr at alle dei formelle diskusjonane er tilbakelagt og at Helse Møre og Romsdal kan markere eit tidsskilje.

– Dette må oppfattast som ein milepæl. No går vi vidare i prosjektet, seier Dahl.

Ulovleg vedtak

Åge Austheim

Tillitsvald Åge Austheim meiner at tomtevedtaket er illegitimt og at siste ordet ikkje er sagt i saka.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Tillitsvald for i yngre legars foreining ved Kristiansund sjukehus, Åge Austheim, meiner at sjukehussaka slett ikkje er avgjort. Han viser til at kontrollkomiteen har peikt på mykje av det same som dei tillitsvalde har kritisert.

– Vi meiner at tomtevedtaket er illegitimt. Det betyr at heile sjukehussaka står i stampe. Helse Møre og Romsdal har eit enormt problem med å løyse saka. Dei står i ei stor tillitskrise, seier Austheim.

Har de ikkje gitt opp håpet om at sjukehuset skal bli bygt i Kristiansund?

– Vi tillitsvalde i Kristiansund gir ingen aksept for tomtevedtaket som er gjort, seier Austheim.

Stortinget skal handsame saka i mai.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL