Hopp til innhold

– Det er viktig å sjå kvarandre og kaste maska

I dag markerast Verdsdagen for Psykisk Helse med arrangement over heile landet.

Verdsdagen for pyskisk helse Kristiansund 101015

I dag vart Verdsdagen for psykisk helse markert med eit ope arrangement i gågata i Kristiansund med unge musikktalent og talar.

Foto: Frode Frantzvåg

Verdsdagen for Psykisk Helse er Norges største opplysningskampanje for psykisk helse og blir arrangert laurdag 10. oktober. Kampanjen har som mål å sette lys på kunnskap om psykiske lidingar. I år er kampanjenamnet «Sjå kvarandre – kast maska!»

– Bakgrunnen for denne dagen er å sette fokus på psykisk helse, og å prøve å fjerne tabua knytt til det å ha psykiske lidingar. Det er dessverre framleis for mykje tabu knytt til dette, seier Laila Helene Langerud, fylkesleiar i Mental Helse Møre og Romsdal.

Verdsdagen for Psykisk Helse har vore markert med ein rekkje arrangement fleire stadar i fylket den siste tida. I dag var det blant anna eit ope arrangement i gågata i Kristiansund med unge musikktalent og talar.

– Det var mange som hadde møtt opp, og det er svært positivt, seier Langerud.

Viktig å be om hjelp

Langerud fortel at dei håpar at dei ulike markeringane rundt omkring i landet skal føre til meir openheit rundt psykisk helse.

– Det er viktig å få folk til å innsjå at det ikkje er så farleg å slite psykisk, og at det kan vere nyttig å snakke med andre om dei problema ein har. Dermed er det lettare å få hjelp, og lettare å bli frisk, seier ho.

Langerud meiner at folk flest bør bli flinkare til å ta vare på kvarandre i kvardagen, og lære seg å tyde signala for når nokon har problem.

– Berre det å opne seg opp for nokon, og snakke ut om problema sine kan hjelpe. Vi må rett og slett bli flinkare til å bruke kvarandre, seier ho.

– Dersom ein ikkje veit kven ein kan snakke med, så kan folk alltid ta kontakt med oss, og så hjelper vi dei på vegen vidare, held ho fram.

Langerud meiner at det er spesielt å viktig å vise korleis ein har det inst inne, i ei tid der sosiale medium er ein stor del av kvardagen.

– Mange slit med presset om å vere «perfekt» heile tida, medan andre blir utsett for mobbing via sosiale medium. Difor er det viktig å opne seg opp slik at ein kan få hjelp, seier ho.