Hopp til innhold

– Det er rett og slett idioti

Knut Olav Rindarøy pådrog seg eit raudt kort på overtid under gårsdagens Europaliga-kamp mot Fenerbahce. Molde-backen la seg langflat etter kampen.

Knut Olav Rindarøy 261115

Molde-spelar Knut Olav Rindarøy la seg langflat etter å ha fått raud kort under torsdagens kamp mot Fenerbahce.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var på overtid under torsdagens kamp at Rindarøy vart tøft takla av Fenerbahce-spelar Alper Potuk ute på venstrekanten. Molde-backen stemplar så den liggande motspelaren i brystet då han skal springe tilbake igjen.

– Det er rett og slett idioti av meg, eg skal ikkje stå her og seie noko anna. Eg blir takla og så blir det litt fram og tilbake og så legg eg att ein fot, sa ein angrande Rindarøy. etter kampen.

Irritert på seg sjølv

Dermed ryk den siste kamp i gruppespelet mot Ajax, og det er også fare for at han mister begge 16.-delsfinalane på nyåret.

– Det er heilt forferdeleg. Eg håpar eg må stå over færrast mogleg kampar, men skal eg vere realistisk så håpar eg på to, men det kan bli tre, seier Rindarøy.

Molde-spelaren vedgår at han var irritert på seg sjølv.

– Det er det første raude kortet mitt for Molde og ikkje så mange gule kort heller, men eg kan ikkje skulde på nokon andre enn meg sjølv, seier Rindarøy.