Hopp til innhold

– Det er er ein hån mot dei eldre

Mange eldre fryktar einsemd og isolasjon som følgje av at dei kan bli fråteke førarkortet. Nye reglar gjer at dette skjer med stadig fleire. Leiar av Stordal og Liabygda pensjonistforening, Einar Kåre Hove, ber no alle pensjonistar om å engasjere seg i saka.

Einar Kåre Hove

Einar Kåre Hove er snart 80 år og har framleis lappen i behald. Men nye innstrammingar av regelverket gjer at han fryktar stadig fleire eldre kjem til å miste sertifikatet.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Dette med å skjere alle over ein kam, det synest vi er feil, seier Hove. Han er snart 80 år og har framleis førarkortet i lommeboka og retten til å køyre bil, men han er oppgitt over at stadig fleire eldre ikkje kan gjere det same som han.

Lettare å vise til til test

Før var det Fylkesmannen som måtte sende folk til testing når det var mistanke om ein bilist var ueigna i trafikken. No har Statens vegvesen i Møre og Romsdal innført ei prøveordning der fastlegane kan vise til til test direkte.

Krava til god nok helsetilstand er skjerpa inn. Medikamentbruk, rus, psykiatri og alder er mellom årsakene.

Og dette har gitt resultat.

– Over 1000 personar har i løpet av 2011 mista retten til å køyre bil berre i Møre og Romsdal, fortel Cato Innerdal, assisterande fylkeslege.

Les òg:

Avviser jakt

Innerdal seier helsekrava er strenge, men avviser at dei er på jakt etter førarkortet til pensjonistar.

Fylkeslegen minner om at det går an å søkje om dispensasjon, og på den måten behalde førarkortet på visse vilkår.

– I mange situasjonar ser vi at den eldre personen, trass i at dei ikkje oppfyller helsekrava, kan køyre på ein trygg måte. Dersom det blir bekrefta, gir ein dispensasjon for ein periode, fortel Innerdal.

– Plutseleg ikkje kompetent

– Dette meiner eg er veldig hardt. Bestemmelsane tilseier at du har køyrt bil heile året, men plutseleg er du no ikkje lenger kompetent, seier Hove.

– Men synest ikkje du det er greitt at ein faktisk luka ut enkelte av dei eldre som ikkje burde vere i trafikken?

– Eg er klar over at enkelte eldre kanskje ikkje har dei kvalifikasjonane som må til, som for eksempel dårleg syn, dårleg hørsel eller dårleg reaksjonsevne. Men dersom ein skjer alle over ein kam så blir det feil, meiner pensjonistleiaren.

– Tryggare vegar

Som følgje av det instramma regelverket, meiner Statens vegvesen at vegane har blitt tryggare.

– Ja, vi meiner det å ferdast på vegane i Møre og Romsdal har blitt tryggare, seier Jan Erik Myhr som er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

– Nei, det trur eg ikkje på, seier Hove, som understrekar at bilen er veldig viktig for mange eldre.

– Drosja er ikkje her lenger. Bussar er det lite av. Korleis skal ein då kome seg til butikken, offentlege kontor eller tilstellingar i bygda om ein ikkje har bil?

Video Mister førerkortet pga strengere regler

Sjå tv-innslag om reglane som gjer at fleire mister førarkortet.

Ber pensjonistar engasjere seg

På bakgrunn av innslag i media har Einar Kåre Hove no skrive eit brev til Møre og Romsdal Pensjonistforbund, der han etterspør engasjement i saka.

– Vi har fått inntrykk av at eldre var ei belastning i trafikken, seier Hove. Noko han ikkje finn seg i.

Styret i lokallaget er svært betenkte over den hetsen mot eldre bilførarar som no brer seg i presse og media. Det er derfor vårt ynskje at temaet vert teke opp på fylkesårsmøtet som snart skal avhaldast, og der årsmøtet vert invitert til ein kraftfull uttale mot denne hetsen.

Utdrag av brev sendt til Møre og Romsdal Pensjonistforbund

– Ein kan seie det slik: det er ei veldig stor straff, å bli fråkete førarkortet. Det er faktisk ein hån mot dei eldre.

Einar Kåre Hove

Einar Kåre Hove har sendt brev til Møre og Romsdal Pensjonistforbund.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK