Hopp til innhold

– Det blei meiningslaust

Tidlegare styremedlem i Helse Møre og Romsdal, Harald Topphol, forklarte i Inntrøndelag tingrett i dag at han følte at Helse Midt-Noreg overstyrte prosessen om nytt sjukehus frå november 2014.

– Det blei frustrerande å bli styrt ovanfrå og arbeidet vi hadde drive i fleire år var i ferd med å bli verdilaust. Det øydela motivasjonen og det kjentes meiningslaust, sa Topphol.

Harald Topphol og Charles Austnes var dei to som tok opp prosessen kring sluttavtalen til Astrid Eidsvik under styremøtet i Helse Møre og Romsdal i desember 2014.

Topphol var uroa for om helseføretakslova var brota på grunn av press for å endre innstillinga. Den andre bekymringa Topphol hadde var at Eidsvik hadde ikkje hadde fått ein avtale i samband med avgangen, men at ho ville få ein avtale om ho venta med å gå av, og at ho skulle ha ei anna grunngjeving for avgangen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL