– Vi får stilt praktiske krav til det vi kan og det er utfordrande, men artig. Det gir eit fint innblikk i korleis nærings- og arbeidslivet fungerer, fortel 17-åringen Erlend Hjelle Strandkleiv som er ein av elevane som har vore med på pilotprosjektet Ocean Industry School (OIS).
Spjelkavik vidaregåande skule i mange år samarbeida med den maritime næringa gjennom faget "teknologi og forskningslære". Gjennom samarbeidet har elevar blant anna fått moglegheita til å jobbe med båtutvikling og skipsdesign. Slikt gir meirsmak til framtidige ingeniørstudiar og jobb i den maritime industrien.
Tilbakemeldingane har vore så positive at skulen no vel å utvide samarbeidet ytterlegare gjennom konseptet OIS.
Først ute
– Tanken er å profilere det fokuset som Spjelkavik Vgs kjem til å ha på dei havbaserte næringane i undervisinga, forklarar avdelingsleiar for realfag, Knut Tomren.
Ocean Industry School, eller havindustriskulen på norsk, er den første av sitt slag i Noreg. Skulen er ikkje eiga linje som ein kan søkje seg inn på, men eit tilbod til eksisterande elevar.
Avdelingsleiaren, som også er prosjektleiar for OIS, seier føremålet med prosjektet er å vise elevane kva som finst av moglegheiter i heimfylket.
– Mange reiser nok herifrå utan å heilt vere klar over kva for moglegheiter som finst, samstundes som næringslivet skrik etter kompetent arbeidskraft. Det er for å rette opp den ubalansen at har vi sett i gong dette tiltaket.
- Les også:
Del av læreplanmåla
Fordi OIS ikkje er ei sjølvstendig linje, må samarbeidet med næringslivet tilpassast kvart enkelt fag. Kvar bedrift har derfor ein fornybar eittåring samarbeidsavtale der innhaldet kan endrast frå gong til gong.
–Vi koplar læreplanmåla til det som skjer i bedriftene, slik at vi kan trekkje inn kompetanse frå bedriftene når det er passande. Det gjer at vi kan lage eit veldig skreddarsydd opplegg for det enkelte faget, bedrifta og eleven, seier Tomren.
Under utvikling
Medan ideen om OIS vart lansert i fjor haust, har våren gått med til ein pilotfase.
– Vi har prøvd ulike samarbeidsprosjekt. Nokre elevar har hatt praktisk lab-arbeid der dei får nytta tipptopp labutstyr medan andre har vore på bedriftsbesøk. Etter kvart kan det bli aktuelt med andre type samarbeid, seier prosjektleiaren.
Han legg til at det vil bli gjort mindre justeringar undervegs ut frå tilbakemeldingane, men at prosjektet elles vil vere i full drift frå hausten av.
- Les også:
– Kjekt avbrekk
Andreklassingane som har teke del i pilotprosjektet denne våren, er samstemde i at det er det er noko dei vil tilrå andre framtidige elevar ved skulen.
– Heilt klart. Det er utruleg kjekt å få eit avbrekk frå ein elles teoritung skulekvardag på allmennfag, seier dei.
Men kva det betyr reint praktisk at samarbeidet med næringslivet har fått ein eigen merkelapp, er elevane meir usikre på.
– Eg trur det no vil bli lettare å knyte til seg ytterlegare kompetanse frå næringslivet, men eg er usikker på kva for praktisk verknad det vil få. Det blir spennande å sjå, kommenterer andreklassingen Lars Martin Sandanger.
- Les også: