Hopp til innhold

– AaFK-spelarane har nok følt seg som smågutar mot Molde

AaFK har ikkje slått Molde i eliteserien på ti år. Nytt i Uka sin sportskommentator, Per Rich Hunstad, trur Molde-spelarane har hatt eit psykisk overtak.

AaFK og Molde møtes til dyst i Ålesund fredag.

Fredag er det klart for fylkesoppgjer i Møre og Romsdal mellom AaFK og Molde – det næraste ein kjem eit «El Clásico» i Møre og Romsdal.

Per Rich Hunstad

Nytt i Uka sin sportskommentator, Per Rich Hunstad, håpar det endeleg kan vere duka for AaFK-siger mot Molde.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det har vel kanskje litt med respekt frå gamalt av å gjere. Molde har lengre tradisjonar og har vore eit sterkare lag enn AaFK. Aalesund-spelarane har nok følt seg som smågutar, men det bør snu no, seier sportskommentator i avisa Nytt i Uka, Per Rich Hunstad.

Torsdag såg han AaFK si trening på Color Line Stadion, dagen før tangotrøyene møter Molde til eit fylkesoppgjer som er det næraste ein kjem eit «El Clásico» i Møre og Romsdal.

Sportsjournalist Kristian Stenerud i Sunnmørsposten er også til stades. Han trur Molde-spelarane får ekstra tenning når dei møter tangotrøyene til «lokalderby»

– Dei taklar litt hardare, spring litt ekstra, og det verkar som om heile laget er med, seier Stenerud.

Vil bryte trenden

– Det er tolv år sidan AaFK sist slo Molde, og det har slått rot i bakhovudet. Eg hugsar opplevinga med siger, og den vil eg gjenoppleve i morgon, seier Aalesunds kaptein Jonatan Tollås Nation.

Stopparbautaen har all mogleg grunn til å ønskje seg tre poeng.

Kristian Stenerud

Sportsjournalist Kristian Stenerud i Sunnmørsposten seier Molde-spelarane verkar å heve seg fleire hakk i møte med Sunnmøringane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Vi må nemleg heilt tilbake til Molde stadion i 2003 for å finne sist gang dei oransje gjekk sigrande av bana mot dei blå.

Fleire på skadelysten

Under dagens trening verka det i alle fall som om heimelaget er klare til kamp. Likevel er det framleis fleire på skadelista eller usikre.

I tillegg må målgrossist Leke James og Jo Nymo Matland sone karantene. Difor varslar Jönsson endringar i troppen.

– Ja, vi er tvungne til å gjere endringar. Det er nok ein del som ikkje er klare for spel enno, men når det gjeld startellevaren så har vi eit ganske klart bilde på kven som skal spele.

– Positive tankebaner ....

Det er ingen tvil om at den populære svensken leiar dei oransje og blå mot Molde i morgon, men om han held fram som trenar har han enno ikkje tatt stilling til.

Likevel lettar den sindige svensken litt på sløret – noko han ikkje har gjort tidlegare.

– Men at det går i nokon positive tankebaner .... seier Jönsson og lar svaret henge i lufta.

– Ein enormt viktig kamp

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har ikkje noko klart svar på kvifor laget frå Romsdal har dominert i tosifra tal år.

– Vi har vel berre vore eit betre lag, tenkjer eg, seier han og smiler.

Med Nordmøre som sin fødestad, kjenner han godt til rivaliseringa mellom Ålesund og Molde. Han legg ikkje skjul på at siger vil bety mykje på fredag.

– Ein kunne stått her og sagt at det berre handlar om tre poeng, men lokaloppgjer mot Aalesund er sjølvsagt ein enormt viktig kamp, seier han.

Solskjær: - Ein enormt viktig kamp

Solskjær veit kor mykje som står på spel når Molde og AaFK møtest til dyst.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL