Hopp til innhold

– Bør ha fleire førskulelærarar i barnehagen

Berre rundt ein tredjedel av dei tilsette i barnehagane har pedagogisk utdanning. Det burde vere fleire, meiner førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes.

Barnehage.

Styresmaktene vil ha meir kvalitet i barnehagen. I dag er dei fleste som jobbar i barnehagen assistentar utan pedagogisk utdanning.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Studieleder Gerd Sylvi Steinnes

Gerd Sylvi Steinnes frå Høgskulen i Volda meiner at fleirtalet av dei tilsette i barnehagen bør vere førskulelærar.

Foto: SMS-foto

I dag manglar det 4000 førskulelærarar i barnehagane for å fylle krava i barnehagelova. Dei fleste som jobbar i barnehage er assistentar utan pedagogisk utdanning. Gerd Sylvi Steinnes frå Høgskulen i Volda disputerte nyleg for doktoravhandlinga si om førskulelærarane si rolle. Ho har spurt tilsette i tusen barnehagar her i landet om kva kompetanse dei har og korleis arbeidsdagen deira er.

– Barnehagane kan legge eit godt grunnlag for vidare læring dersom der er nok utdanna førskulelærarar og at assistentane har kompetanse i å jobbe med barn, seier Steinnes.

Reduserer fråfall i vidaregåande

Forsking blant anna frå Canada viser at læring i barnehagane reduserer fråfallet i vidaregåande skule. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har sagt at han vil sette inn læringsstøyten tidlegast mogleg. Styresmaktene jobbar med ein ny rammeplan og ei barnehagelov for å betre kvaliteten i barnehagen. Ministeren er tydeleg på at han ikkje ynskjer eigne ferdigheitsmål for dei små, men vil at barnehagane skal tilby meir enn barnepass.

LES OGSÅ:

Flest assistentar

Det Steinnes ser er at gjennom barnehagedagen er det assistentane som er mest saman med ungane. Førskulelærarane er mykje opptekne med administrativt arbeid. Dessutan er førskulelærarane i mindretal over alt. Om lag 33 prosent av dei tilsette i barnehagane har pedagogisk utdanning.

– Dersom ein skal ta på alvor at barnehagen skal vere ein pedagogisk institusjon, bør fleirtalet av dei tilsette ha førskulelærarutdanning, seier Steinnes. Ho meiner at det å sette inn ressursar i barnehagen er ei viktig investering.