Hopp til innhold

– Bærplukking utviklar seg lett til ein lidenskap

I desse dagar er det mange som ser meir ned enn opp når dei er ute på fjellet.

Erling Ove Flø plukker molte

LIDENSKAP: Erling Ove Flø er lidenskapleg oppteken av bærplukking.

Foto: Arne Flatin / NRK

På Flø i Ulstein er det ført nøye statistikk over moltesesongane gjennom 25 år. Bærsesongen i fjellet er middels i år, men entusiastane greier likevel å fylle opp posane med molter.

Erling Ove Flø plukker molter

Kvart år må Erling Ove Flø fylle opp lagera med molter på turar i nærområdet.

Foto: Berge Myrene / NRK

Erling Ove Flø er ein engasjert bærplukkar. I mange år har den lidenskaplege bærplukkaren gått i fjellet og han har ikkje noko i mot å fortelje kvar dei gode plassane er.

Han forklarer kvar på Flø ein finn mest molter. Konkurransen er ikkje så stor lenger.

– Før var det meir. For 20–30 år sidan. Dei siste åra har eg sett få som plukka. Eigentleg litt sørgeleg.

Men han slepp at andre plukkar bæra han vil ha. Bærsesongen har ikkje vore den beste i år, med ein kald vår og lite sol i sommar, men entusiastane finn alltids bær som dei kan fylle frysarane med, det tek berre litt meir tid.

– Det er ei friluftsoppleving og mosjon i godt vêr. For det er når vêret er bra ein går ut for å plukke, seier han.

I desse dagar er det mange som ser meir ned enn opp når dei er ute på fjellet. Bærplukking utviklar seg lett til ein lidenskap, og på Flø i Ulstein er det ført nøye statistikk over moltesesongane gjennom 25 år.

Notisbøker frå dei siste 25 åra viser statistikkar over bærplukkinga til 56-åringen frå Flø. Foto: Arne Flatin/Berge Myrene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL