Hopp til innhold

– Arbeidsløysa vil få store negative ringverknader

Regjeringa reknar med aukande arbeidsløyse i tida framover. Mange arbeidsplassar i verftsnæringa er i fare og det kan få alvorlege konsekvensar for lokalsamfunna rundt omkring i Noreg.

Regjeringa regner med økende arbeidsledighet fremover.
Mange arbeidsplasser i verftsnæringa er i fare, og disse har stor betydning i lokalsamfunnene.

Sjå tv-saka: Arbeidsløysa kjem til å auke i tida framover. Skipsindustrien fryktar vanskelege tider. Foto/redigering: Nils-Atle Sundnes.

Margot Gjerde

Margot Gjerde seier at oppseiinga påverkar heile bygdesamfunnet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

På nærbutikken i Tomrefjord har dei tilsette god tid til å få orden i butikkhyllene. Handelen i bygda som ligg i Vestnes kommune, går langt treigare enn vanleg.

Seks hundre leigearbeidarar har forsvunne over natta, og aktiviteten på skipsverftet er på eit minimumsnivå.

– Eg syntest det er veldig trist. Verfta er ein stor arbeidsplass her i Vestnes så når aktiviteten gjeng ned så påverkar det heile kommunen, seier Margot Gjerde.

Manglar nye kontraktar

Måndag falt oljeprisen til nye rekordlåge nivå. Prisen på eitt fat av den amerikanske lettoljen er no 38,24 dollar. Så låg har ikkje prisen vore sidan finanskrisen i 2009. Prisen på Nordsjøoljen enda på 42,69 dollar, som også er det lågaste talet sidan 2009.

Rune Andre Tomren

Rune André Tomren, arbeidsformann i Vard Langsten trur krisa blir langvarig.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I Vestnes har permitteringar og oppseiingar tidlegare vore framandord. Men krisa i oljeindustrien har gjort at skipsbyggingskonsernet Vard no har permittert 180 tilsette.

Det går mot ein vanskeleg haust, og det kan bli langvarig trur Rune André Tomren, arbeidsformann i Vard Langsten.

– Det blir truleg ein nedgang også i dei komande åra. Vi er avhengige av å skrive fleire kontraktar dersom vi skal ha arbeid i tida som kjem, seier Tomren.

Må seie opp tilsette

Det er lett å sjå at det er lite å jobbe med i Tomrefjorden. Tidlegare var det vanleg at det låg fleire store skip ved lokala til Vard Langsten. Situasjonen er alvorleg, meiner Dag Vikestrand, verftsdirektør i Vard Langsten.

Vard Langsten

Det er lite aktivitet ved Vard Langsten for tida.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi har ein del tilsette som no er permitterte, og det er ikkje lenge før vi må ta stilling til om vi kan behalde dei eller om vi må seie dei opp, seier Vikestrand.

– Det hadde vore betre dersom permitteringsordninga hadde eit lengre vindauge slik at vi slapp å seie opp tilsette, held han fram.

Men dei er ikkje aleine. Den økonomiske situasjonen i den maritime bransjen har vore krevjande den siste tida. Over 54 norske offshoreskip ligg no i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere tilsette.

Store ringverknader

Først i oktober kjem eit dykkarfartøy som skal utrustast. Langsten-leiinga seier at hjørnesteinsbedrifta betyr langt meir enn det mange tenkjer på til dagleg.

– Vi har om lag 200 tilsette, men dersom ein inkluderer butikkar, underleverandørar og liknande, så påverkar det totalt 1200 tilsette rundt omkring i landet, seier Vikestrand.