Hopp til innhold

– Andersen-saka hadde ikkje med tomteval å gjere

STEINKJER (NRK): Under rettssaka mellom Kristiansund kommune og Helse Midt-Noreg sa tidlegare styreleiar Marthe Styve Holte at Trond Michael Andersens avgang ikkje hadde noko med val av tomt til nytt sjukehus å gjere.

Marthe Styve Holte

Tidlegare styreleiar i Helse Midt-Noreg på veg inn til rettssalen i Inntrøndelag tingrett.

Foto: Terje Reite / NRK

Marthe Styve Holte var styreleiar for Helse Midt-Noreg då ho fekk telefon frå helseminister Bent Høie med oppdrag om å seie opp administrerande direktør Trond Michael Andersen.

Andersens avgang er ein av byggesteinane i Kristiansund kommune sin argumentasjon om at det gjekk føre seg ei systematisk og strategisk rigging, slik at Hjelset skulle bli valt som lokaliseringsstad for nytt sjukehus.

Onsdag formiddag uttalte Trond Michael Andersen at han ikkje kan sjå anna enn at det var tomtevalet som var årsaka til at han måtte gå.

– Eg har ikkje tolka det som om Andersens avgang var kopla til prosessen i Møre og Romsdal. Dette var ei sjølvstendig sak. Eg ser ikkje denne koplinga. Dette må i så fall vere synsing i ettertid, sa Styve Holte. Dette er same konklusjonen ho kom med under høyringa i Stortinget.

Inntrøndelag Tingrett, Steinkjer

Styve Holte var derimot klar på at ho opplevde beskjeden frå helseminister Høie som svært vanskeleg.

– Konklusjonen var dratt. Det skulle skje endringar i tilsetjingsforholdet til Andersen. Eg sa til Høie at eg då ikkje kunne halde fram som styreleiar. Tilsetjing og oppseiing var ei definert styreoppgåve, sa Styve Holte.

Styve Holte underbygde dette på denne måten:

– Eg var ikkje villig til å gå inn i ein prosess der avgjerda var teken. Eg ville i så fall føle at eg hadde inngått ein kontrakt som eg kom til å presse styret på. Konklusjonen var alt dratt av Bent Høie. Ifølge lova og instruksen for styret var dette ei styreoppgåve. Det sa eg til helseministeren. Eg sa at eg ikkje kunne halde fram med dei premissane som var lagde. Vi var tydeleg usamde både i sak og i kva form dette hadde fått, sa ho i Inntrøndelag tingrett onsdag.

Styve Holte sa at dåverande administrerande direktør Trond Michael Andersen arbeidde godt saman med styret. Ho karakteriserte han som strukturert, arbeidsam og tydeleg.

– Vi hadde hatt eit direktørskifte. Og vi jobba bevisst og bra og laga gode rutinar mellom styret og Andersen. Det var ikkje alltid tilfredsheit, men vi jobba med det. Det var dette som til slutt topp seg med min avgang.

På same måte som Trond Michael Andersen karakteriserte Marthe Styve Holthe tilhøvet til deler av dei tillitsvalde som krevjande

– Det er viktig å ha god relasjon til dei tillitsvalde. Men det problematiske var ein kritikk som var lite konkretisert. Det er vanskeleg å ta omsyn til slik kritikk. Når det går på person er det vanskeleg. I slike diskusjonar har eg vore avvisande. Det har vore eit bevisst val. Når negative ting blir gjentekne og gjentekne, då vert det laga eit negativt miljø.

– Eg opplevde at utspela mot Andersen ikkje var høflege. Det var ubehageleg. Ein kan ha mange strategiar til slik negativitet. Ein måte er å ikkje gje det merksemd for å unngå at det blir forsterka. Der var eg på det tidspunktet.

Marthe Styve Holte avviste også at utskiftinga av John Harry Kvalshaug med Stein Kinserdal som styreleiar for Helse Møre og Romsdal hadde med tomteval å gjere.

– Dette hadde ingen ting med sjukehussaka å gjere. Det var ei nokså brei vurdering. Det er eg heilt klar på. Heller ikkje valet av Stein Kinserdal hadde noko med tomteval å gjere. Vi var i vanskelege prosessar og vi hadde vanskeleg økonomi. Fleire andre føretak har gått eksternt for å hente inn leiarar til styret. Kinserdal kunne tilføre eit blikk utanfrå i tillegg til den kompetansen han har, sa Styve Holte.