Hopp til innhold

– Aksla-sikta er tilrekneleg

Mannen som er sikta for å ha drepe Anja Weløy Aarseth på Aksla i Ålesund, er ifølge dei sakkunnige strafferettsleg tilrekneleg, melder BT.

Anja Weløy Aarseth funnsted

Ved turstien på byfjellet Aksla i Ålesund vart 21 år gamle Anja Weløy Aarseth funne drepen laurdag 31. august i år. No er den sikta vurdert som tilrekneleg av sakkunnige.

Foto: NRK

– Sikta er vurdert strafferettsleg tilrekneleg av dei sakkunnige. Dei pårørande er informert om det, då kan vi gå ut med den informasjonen seier politiadvokat Ynge Skovly i Sunnmøre politidistrikt til Bergens Tidende.

Den 23-år gamle mannen har tidlegare innrømma at han drap og misbrukte seksuelt bergenskvinna Anja Weløy Aarseth (21) i august. Under avhøyr fortalde mannen at han hadde vore sterkt rusa under hendinga.

Allereie dagen etter pågripinga av 23-åringen 4. september vart det klart at politiet ønska ein rettspsykiatrisk observasjon av han. Psykiater Terje Tørrissen og psykiaterkollegaen Michael Setsaas frå Trondheim fekk i oktober oppdraget med å vurdere den drapssikta.

Vil etterprøvast

Tidlegare denne veka vart det kjent at dei to psykiatrane som står bak rapporten, bad om utsetjing.

Konklusjonen om at mannen ikkje var psykotisk då han drettet Weløy Aarseth skal no etterprøvast av Den rettsmedisinske kommisjon. Skovly vil ikkje seie noko meir om innhaldet i vurderinga til psykiatrane.

– Det vil bli gjort under hovudforhandlinga. Men konklusjonen er altså at sikta vert vurdert som strafferettsleg tilrekneleg, seier politiadvokaten til BT.

Rettssaka mot 23-åringen vil etter planane begynne i midten av februar 2014.

(NTB/NRK)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL