I fjor sommar opplevde Geir Gjærde og sambuaren Irene Johansen alle foreldre sitt største mareritt – å miste eit barn. Måten guten deira døydde på har gått hardt inn på heile familien.
Fire år gamle Adrian vart
av personalet. Ingen visste kvar han var og då dei fann han stod livet ikkje til å redde. Adrian kan ha vore utan tilsyn i over 30 minutt og .– Dette var inga ulykke. Det var totalsvikt frå barnehagen si side, seier foreldra.
Snakkar ut
Etter at dei stod fram med historia si i
ni månader etter dødsfallet har dei opplevd ei enorm støtte.– Det har vore ein slitsam dag, fortel Geir Gjærde frå sofaen i rekkehuset på Skåtamyra i Ålesund.
Telefonen hans har ikkje stått stille. Mange av dei andre foreldra i barnehagen har nok ikkje visst så mykje om kva som faktisk skjedde den dagen, fortel Geir. Det har nemleg vore vanskeleg for han og sambuaren å gå ut med alle detaljar i saka undervegs fordi dei ville gi politiet ro.
No har dei mykje på hjartet og ønskjer rettferd for Adrian.
– Vi er ikkje ute etter å ta nokon, vi er ikkje det, men vi er opptekne av at ansvaret for dette dødsfallet skal plasserast.
Sjokkbeskjeden
Morgonen fredag 27. juni var som alle andre morgonar for Adrian og pappa Geir Gjærde.
På veg ut døra hadde dei to sin vanlege seanse der Adrian var Spiderman og pappa var Superman. Saman måtte dei unnsleppe ein forferdeleg blå robotkanon. Det var ingenting anna å gjere enn å springe i full fart ut i bilen.
– Då eg leverte han i barnehagen fekk eg nussen min, så vinka han til meg før han snudde seg og gjekk glad og fornøgd inn i barnehagen.
Det var siste gong Geir såg guten sin i live.
Telefonen han fekk frå mammaen til Adrian kjem han aldri til å gløyme. Ho og den 11 år gamle søstera til Adrian var i Trondheim på tur då ho vart ringt opp frå barnehagen.
– «Du må dra til barnehagen med ein gong, dei driv med gjenoppliving av Adrian», det var alt ho rakk å seie før eg var oppe av stolen og på veg ned til bilen.
Kvelt av snor
Fem minutt etter var Geir tilbake i barnehagen der han for få timar sidan hadde tatt avskjed med sonen sin. Der vart han møtt av eit kaos og hysteri utan like.
Under tissepausen til borna hadde personalet oppdaga at Adrian var borte. Like innanfor rommet der dei var saman med dei andre ungane hadde Adrian fått ei snor frå ein barnehageransel rundt halsen og var livlaus.
– Eg vart møtt av hyl og skrik, så såg eg guten min ligge der. Han var død. Der var ingenting, fortel Geir.
Det stadfestar loggen frå AMK-sentralen i Ålesund. Adrian hadde alle teikn på å vere borte og ambulansepersonellet fekk ikkje ein gong bruk for hjartestartaren.
Ambulansearbeidarar og legar kjempa i 25 minutt for å få liv i Adrian. Til slutt tok dei med seg den livlause 4-åringen inn i ambulansen og sette kursen mot sjukehuset. Bak ambulansen sat Geir i sjokk i passasjersetet i legebilen. Då dei kom fram til Ålesund sjukehus var det berre for barnelegen å erklære guten død.
– Det var då eg stod inne på rommet åleine med Adrian at reaksjonen kom. Då knakk eg saman.
Les også:
– Det var inga ulykke
Ikkje lenge etter at guten deira vart kvelt til døde i Blindheim barnehage vart Geir Gjærde og Irene Johansen forespeila at fire år gamle Adrian kan ha vore utan tilsyn i 10–15 minutt. I politiforklaringane har det kome fram at det kan vere snakk om endå lenger tid. Etter å ha gått gjennom etterforskingsdokumenta frå politiet saman med advokaten sin er dei sikre på at guten deira har vore åleine i 30 minutt eller meir.
– Ein må kunne forvente av ein barnehage at personalet har kontroll på ungane. Dei skal vite kvar ungane oppheld seg, kven dei er saman med og kva dei gjer. Det er det minste du kan krevje.
Før påske fekk familien beskjed om at dødsfallet var
og at saka no ligg hos statsadvokaten. Pappa Geir Gjærde vil ikkje spekulere i kva veg det går.– Dette var inga ulykke som skjedde plutseleg og som ingen kunne gjere noko med. Dette var ein svikt hos barnehagen den dagen og den må dei svare for. Dei gjorde ikkje jobben sin.
Barnehagen har gått gjennom rutinane sine
Når NRK kontaktar styrar i Blindheim barnehage, Torhild Haugland, viser ho til kommentarane ho har gitt til Sunnmørsposten om saka.
– Ein kan aldri gardere seg 100 prosent mot at ulykker kan skje, verken i barnehagen eller heime. Dessverre er det slik. Men vi skal vere gode på å vurdere risiko og ha system som gjer barnehagen så trygg som mogleg for borna, skriv ho i ein kommentar til avisa
– Vi har stor forståing for at dette er frykteleg tungt og vanskeleg for foreldra. Born skal vere trygge i barnehagen og det som skjedde i vår barnehage i juni i fjor skal ikkje kunne skje. Likevel skjedde det og det er djupt beklageleg.
Les også:
– Barnehagen svikta totalt
Geir Gjærde meiner det er bra at barnehagen har tatt tak i rutinane sine, men det som skjedde den dagen får ein ikkje gjort om på. Det som skjedde skulle ikkje skje.
– Dei svikta totalt den dagen. Der er ingen grunn til at det som skjedde denne dagen skulle skje. Korleis kunne han gli under radaren den dagen så lenge som han gjorde? Det er det vi håper å få svar på.
Tida etter at Adrian døydde har vore svært tung for den vesle familien og uvissa rundt det som har skjedd har gjort det heile verre. Etter dødsfallet fekk foreldra beskjed om at Adrian døydde omtrent umiddelbart. I obduksjonsrapporten står det at det sannsynlegvis har tatt tid før han miste medvitet.
No kan dei ikkje anna enn å vente på svar frå statsadvokaten.
– Vi trudde aldri at dette skulle skje med oss. Han var her – og så døydde han. Dette kjem til å følgje oss heile livet.