Hopp til innhold

71 tilsette mister jobben

SPIS Grilstad legg ned drifta ved anlegget på Vestnes i Møre og Romsdal. 71 tilsette misser arbeidet.

Mørekjøtt
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Prosessen kring nedlegginga har gått føre seg sidan juli.

Sparetiltak

SPIS Grilstad reknar med å spare om lag 13 millionar kroner kvart år på grunn av nedlegginga. Når anlegget på Vestnes blir lagt ned, blir produksjonen overført til andre anlegg i konsernet.

- Sparetiltaka er vurderte til om lag 13 millionar kvart år, seier konsernsjef Odd Arne Dalsegg til NRK Møre og Romsdal. Og eg vil legge til at det er vanskeleg å fatte slike vedtak. Dette har ikkje noko med arbeidsinnsatsen til dei på Vestnes å gjere. Det er veldig kompetente arbeidarar vi har der, seier Dalsegg.

Ferdig med tårene

Tillitsvald ved SPIS Grilstad på Vestnes, Aud Marie Bergdal, seier at dei var budde på at vedtaket skulle kome. Dermed var det ikkje særleg sterke reaksjonar i dag.

- Vi har gjort frå oss frustasjonen og tårene. Det vart omtrent sånn som vi rekna med. Det var greit å få bekrefta kva datoar som gjeld, og produksjonen skal no gradvis overførast til andre anlegg. Vi har vent oss til tanken, og no gjeld det å tenkje fram over, seier Bergdal.

Stegvis nedlegging

Fabrikken på Vestnes skal vere i full drift til nyttår. Deretter blir verksemda gradvis trappa ned, og det blir endeleg stopp 1. april 2010.

Dei tilsette har i dag fått melding om det endelege vedtaket i konsernet. NAV er varsla med sikte på å hjelpe dei 71 tilsette som no misesser arbeidet.

Håpet er ute for Mørekjøtt

Sytti misser jobben

SPIS legges ned

Tøffe tiltak

Konsernsjef Odd Arne Dalsegg seier konsernet opererer i ein tøff marknad. I presseneldinga han har sendt ut heiter det:

Odd Arne Dalsegg

Odd Arne Dalsegg, konsernsjef i SPIS Grilstad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Det er både trist og vanskelig å fatte en beslutning rundt en slik nedleggelse. Vi må imidlertid ta den økonomiske virkeligheten inn over oss, og da må vi iversette tøffe tiltak for å skape et konsern med solid økonomisk plattform. Vi beklager ovenfor de som blir berørt av oppsigelser.

Konsensjef Odd Arne Dalsegg seier til NRK Møre og Romsdal at konsernet opprettar eit jobbkontor, og at dei vil samarbeide med NAV.

- Det var kanskje litt spent haldning då eg besøkte avdelinga på Vestnes i dag. Men dei tilsette hadde venta ei avgjerd i dag. Og no vonar eg vi får ein konstruktiv prosess vidare, seier Dalsegg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL