Hopp til innhold

– Tvang er ikkje vegen til integrering

Kommunane skal i løpet av to år ta imot 20.000 flyktningar. KS håper at kommunane ser sitt ansvar.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal, i KS Møre og Romsdal, meiner at kommunane må få bestemme kor mange flyktningar dei vil ta imot. Ho seier at tvang ikkje vil gjere integreringa enklare.

Foto: Remi Sagen / NRK

Solveig Horne

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne (Frp).

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Eva Vinje Aurdal

Nestleiar i KS Møre og Romsdal, Eva Vinje Aurdal (Ap).

Regjeringa og Kommunesektoren (KS) inngjekk tysdag ein samarbeidsavtale om at kommunane skal finne bustadar til 10.000 flyktningar i år og like mange neste år.

Inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) seier til NTB at avtalen om frivillig busetting av flyktningar er viktig, men ikkje nok til å tømme mottaka. I 2013 søkte 11.983 personar om asyl i Noreg.

Møre og Romsdal har blitt bedt om å busette 1830 flyktningar mellom 2014 og 2016. Hittil har fylket vedteke å ta imot 824 personar. I alt har Noreg bestemt å ta imot 7527 flyktningar i løpet av 2014, og 17.765 innan 2016. Dette er framleis under målet på 10.000 i året.

– Integrering ikkje betre med tvang

Nestleiar i KS Møre og Romsdal, Eva Vinje Aurdal (Ap), meiner at det er avgjerande at KS har fått gjennomslag for å halde ordninga frivillig. Kommunane får no bestemme sjølve kor mange flyktningar dei vil busette, men regjeringa vil kome med ønskje om kor mange dei vil plassere i dei ulike kommunane.

– Det har vore diskutert, både av lokale og sentrale politikarar, at kommunane skal tvingast til å ta imot flyktningar, slik som i Sverige og Danmark. Integrering blir ikkje betre med tvang, seier Aurdal.

Tidlegare i år har inkluderingsministeren sagt at ho ville bruke litt tvang viss kommunane ikkje tok meir ansvar for å busette ventande flyktningar. No seier Horne at ho har tru på ei frivillig løysing, og ho vil ikkje true med tvang for å få kommunane på bana. Aurdal er likevel skeptisk.

– Eg håper at kommunane ser sitt ansvar og vil ta i mot dei flyktningane som treng hjelp. Inkluderingsministeren har trua med tvang tidlegare, og det er no riset bak spegelen. Viss vi no ikkje får til dette med frivillig dugnad så blir det tvang i neste omgang. Det ønskjer vi ikkje i KS.

Aurdal har klare tankar om kva ein ikkje må gjere når ein skal finne bustadar til flyktningar.

– I haust reduserte regjeringa støtta til barnevernstiltak for den gruppa med einslege mindreårige søkarar. Det førte til at kommunane sa at dei ikkje hadde råd til å ta imot denne gruppa av hardt trengande menneske, seier Ap-politikaren.

Ho meiner at ein må jobbe vidare med gode støtteordningar, slik som å auke integreringstilskotet per flyktning.

– Det er viktig å legge til rette for dei som skal ta imot flyktningane slik at kommunane ikkje knekk nakken ved å vere med på leiken. Det må vere mogeleg å skaffe nye heimar til flyktningane.

I 2015 skal denne avtalen opp til diskusjon på nytt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL