Hopp til innhold

Kriminalteknikarar på staden etter bustadbrann

Natt til søndag byrja det å brenne i ein tomannsbustad i Ulsteinvik. Ingen vart skadd i brannen, men totalt 12 personar måtte evakuere.

Brann Ulsteinvik 251015

Det var natt til søndag at det byrja å brenne i ein bustad i Ulsteinvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

Brann i bustad Ulsteinvik 251015

Bustaden fekk store skader i brannen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var i 03.30-tida natt til søndag at 110-sentralen i Møre og Romsdal melde om brann i ein bustad like ved Høddvoll i Ulsteinvik.

Klokka 05.30 kunne brannvesenet melde at brannen var sløkt.

– Brannen starta i den eine delen av ein tomannsbustad. 12 personar, blant anna fleire barn, vart evakuert frå bustadane, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Tor-André Gram Franck.

Ingen personar vart skadd i brannen.

Store skader

Brann i Ulsteinvik 251015

Tomannsbustaden fekk store skader.

Foto: Arne Flatin / NRK

Brannvesenet var raskt på staden, men bustaden stod ikkje til å redde.

Brannen spreidde seg også til taket på den andre delen av tomannsbustaden, som har fått ein del vatn- og røykskadar.

– Det er snakk om store skader, men vi veit ikkje kor omfattande skadane er på den andre delen av tomannsbustaden enno, seier Gram Franck.

Dei 12 personane er framleis evakuerte og er innlosjert på hotell. Kommunen jobbar no med å ordne med ein mellombels bustad.

Saka blir etterforska

Politiet har heldt vakt ved bustaden heile natta.

Søndag morgon var kriminalteknikarar på veg til staden for å gjere undersøkingar.

– Det er så langt ukjent kva som er årsaka til brannen, men saka blir etterforska, seier Gram Franck.

Politiet har også starta med avhøyr av personar som var i tomannsbustaden, samt rundspørjing i nærområdet.

Bustadbrann i Ulsteinvik