Hopp til innhold

100 år med julegåver

Den som ser fram til gåvene på julaftan bør sende ein varm tanke til dei som utvandra til Amerika på 1800-talet.

Julegaver

100 ÅR GAMLE: Julegavetradisjonen er om lag 100 år gamal, fortel historikar Mads Langnes.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Mads Langnes

UTENKJELEG UTAN GÅVER: - Men tradisjonen er ny, seier konservator Mads Langnes.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Julaftan utan julegåver er utenkjeleg, i alle fall for borna.

Dette har endra seg mykje på få generasjonar.

Sende gåver heim

- Julegåvene kom frå USA, seier Mads Langnes, som er konservator og historikar ved Romsdalsmuseet.

Langnes meiner i dobbel forstand; og snakkar både om tradisjonen og dei første gåvene.

- Folk som hadde utvandra til USA seint på 1800-talet sende gåver til folk som var att her i gamlelandet.

Noreg var eit fattig land

Men skikken trengte tid til å utvikle seg.

- For 100 år sidan kjøpte ingen seg fattige på julegåver, seier Langnes.

Noreg var eit fattig land på den tida, og dei få julegåvene som fanst var difor nyttegåver.

- Julegåvetradisjonen slik me kjenner den i dag høyrer 1900-talet til.

I tidlege julegåvetider var det gjerne slik at ein gav vekk nokre få gåver på julaftan eller i romjula.

Gull, røykjelse og myrra

Enkelte trekker tradisjonen med julegåver heilt tilbake til den bursdagen me feirar på julaftan.

For 2000 år sidan kom tre vise menn frå Austerland for å sjå det nyfødde Jesusbarnet, og dei hadde med seg gull, røykjelse og myrra.

- Det har heilt sikkert vore med på å rettferdiggjere tradisjonen med julegåvene, seier Langnes.

Tidlege juleverkstader

Ein tidleg variant av juleverkstaden var tradisjon i Romsdalen og andre stader.

- Utover hausten pleide ungdom å møtast kvar fredagskveld til såkalla oppsete, der dei laga gåver som dei skulle gi vekk til jul.

Gutane laga treskeier, som dei gjerne ripa inn mønster i. Deretter dyppa dei skeiene i oske, og deretter fett, slik at oska vart sitjande igjen i ripene.

Dette var ofte gåver til jentene, og helst til dei som dei likte ekstra godt.

Gutane fekk dokker

Jentene kvitterte med sjølvlaga strømpeband og det som vart kalla jultråddokker.

- Den same guten kunne få fleire jultråddokker, og dess fleire dokker ein fekk, dess meir var ein til kar, seier historikaren.

Skikken med å gi gåver til heile familien og venene utvikla seg gradvis.

- Det at alle venene også skulle ha gåver var noko som utvikla seg i mellomkrigstida og etter 2. verdskrig.