Siste video/lyd

I Kristiansund er det lottofeber. Kanskje ikkje utan grunn.
For ei kvinne i byen vann i går den nest største potten i Norsk Tipping si historie.
No i kveld er det offisiell opning av det nye konserthuset i Fosnavåg. Kringkastingsorkesteret og Magne Furuholmen er blant dei som er med. Det er stor glede over at Herøy har fått ei slik kulturell storstove.
Etter at skredalarmen gjekk i Rauma i går har geologar i dag vore oppe og undersøkt fjellet. I ettermiddag har det vore folkemøte. Store nedbørsmengder kan framskunde skredet.