Hopp til innhold

Framleis sikta i bortføringssak

Dei fire mennene som blei pågripne mistenkte for bortføring i Molde i går tidleg blir sette fri frå varetekt i dag. Men dei er framleis sikta, og etterforskinga held fram, seier jourhavande i politiet, Johan Petter Iversen. Ein mann i 30-åra kom inn på Shell-stasjonen på Bolsønes og sa han var bortført. Iversen seier det er ulik oppfatning av kva som har skjedd.

Politiet rykte ut til denne bensinstasjonen.
Foto: Roar Strøm / NRK