Hopp til innhold

Fryktar for livet til pingvinungar: Avhøyrer russ om tjuveri

Tre pingvinkyllingar og eitt egg blei natt til torsdag stolne frå Atlanterhavsparken i Ålesund. Pingvinane er i livsfare: I følgje fagfolk kan dei ikkje overleve lenge utan foreldra sine. To russ sit no i politiavhøyr, etter at dei sjølve har fortalt at dei var inne på området

Hekkeområdet til pingvinane ved Atlanterhavsparken

Pingvinane forsvann her frå hekkeområdet natt til Kristi himmelfartsdag.

Foto: Frode Berg / NRK

I tillegg til dei to som er i avhøyr på politistasjonen, er minst ein russ avhøyrt tildelare på dag torsdag. Politiet utelukkar heller ikkje at det kan bli aktuelt å kalle inn fleire.

– Vi utelukkar ingenting, men dei konkrete planane vil vi halde for oss sjølve, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt.

Han seier har fått tips om namngitte personar som har vore inne i Atlanterhavsparken, men så langt ikkje om kven som kan ha tatt pingvinane med seg.

Oppdaga torsdag morgon

Nyfødd pingvinunge ved Atlanterhavsparken

Pingvinane som er borte er berre nokre veker gamle og kan ikkje greie seg på eiga hand.

Foto: Atlanterhavsparken

Pingvinungane blei meldt sakna etter at akvaristane oppdaga at noko mangla i hekkeområdet torsdag morgon.

Tor Erik Standal

Tor Erik Standal er dagleg leiar ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Foto: NRK

– Då dei sjekka hos pingvinane, såg dei at noko var borte, seier dagleg leiar Tor Erik Standal ved Atlanterhavsparken.

Etter å ha sjekka overvakingsvideoen kontakta dei politiet.

– Vi såg at det var fleire personar som var inne og at det såg ut som om nokre av dei bar på noko då dei forlet området, seier han.

Han stadfestar at det er russ som er avbilda.

– Er svært avhengige av foreldra

Standal seier pingvinane berre er nokre veker gamle og at det difor hastar med å få dei tilbake.

Pingvin atlanterhavsparken

Arkivfoto. Pingvinane ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Desse små har veldig liten sjanse for å overleve når dei blir tatt vekk frå varmen til mora og matinga frå foreldra.

Pingvinungar blir mata ved at foreldra et og gulpar opp maten.

– Det er den måten dei overlever på, og det er det vanskeleg å erstatte. I tillegg til at dei er avhengig av å ha det varmt, seier han.

Han seier kyllingen som er i egget truleg ikkje har overlevd.

– Den er det nok ikkje håp for, men kanskje for dei andre tre, seier han til NRK.

– Har opplevd eit enormt engasjement

Atlanterhavsparken i Ålesund

Atlanterhavsparken ligg i fjøresteinane ved Tueneset i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Området rundt Atanterhavsparken er tradisjonelt sett ein samlingsplass for russen. Truleg var mellom 200 og 300 russ samla på Tueneset natt til torsdag. Etter at hendinga vart kjent, har politiet fått mange tips frå russen.

– Vi har opplevd eit renn av meldingar frå russ som seier dei har vore inne på området, men som seier at dei berre har sett på pingvinane, seier Sætre.

Han seier dei no har hatt fleire russ inne til avhøyr, utan at dei har kome nærare eit svar på kva som har skjedd.

– Vi har også sikra spor på staden, så vi håper å vite meir så snart som råd.

I følgje politiet viser overvakingsvideoen at fleire personar tar seg inn på området ved to høve mellom klokka 01 og klokka 03 natt til torsdag.

– Når så mange tar kontakt, håper vi jo også på å få tips om kven som kan ha tatt pingvinane, seier Sætre.

Hjelpegruppa Kellys håp leiter etter to stolne pingvinar

Medlemmar av hjelpegruppa «Kellys håp» seier dei vil gjere sitt for å finne dei sakna fuglane.

Foto: Frode Berg / NRK

Også hjelpegruppa «Kellys håp», som søkjer etter sakna dyr, har engsajert seg. Dei søkjer no i området rundt parken, i håp om å finne pingvinane.

Sjå Dagsrevyen sin direkteraport frå Atlanterhavsparken:

Created by InfoDispatcher

– Har håp om å finne dei i live

Standal seier saka gjer han heilt oppgitt.

– Eg blir berre så lei meg. Eg syns det er heilt håplaust at nokon kan finne på noko slikt. Det viser ufatteleg lite respekt for desse små liva.

Han ber innstendig om at dei som har tatt dei vil kome tilbake med dei.

– Vi har framleis eit lite håp om å få dei tilbake i live, men då må det skje fort, seier han.

Kritisk til russefeiring

I følgje Standal har dei i fleire år åtvara mot at russen får halde til i området.

– Vi har jo frykta at noko slikt kunne skje, at folk tok seg inn på området. Men verken politiet eller kommunen har høyrt på oss, seier han.