Hopp til innhold

Krev at oppdrettarar halverer talet på laks i merdene

Mattilsynet krev no at lakseoppdrettarar med store lakselusplager i anlegga må kutte drastisk i produksjonen. Fleire titals oppdrettsanlegg landet over må halvere talet på laks i merdane.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Det er førebels ikkje klart kva for anlegg som vil vere omfatta av kravet om redusere produksjonen.

Foto: Villa

Aud Skrudland

Aud Skrudland er spesialinspektør og veterinær i Mattilsynet i region Trøndelag og Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er til dels drastiske tiltak som no blir sett å verk for å bli kvitt lusa. Spesialinspektør Aud Skrudland i Mattilsynet, seier tiltaka er heilt nødvendige.

– Vi meiner at mange anlegg har for stor produksjon til å handtere luseproblemet godt nok, seier Aud Skrudland.

Konkret betyr det at dei anlegga som er hardast råka får beskjed om å kutte opp til halvparten av produksjonen sin. Det er førebels ikkje avgjort kva for anlegg dette skal gjelde.

– Det vi gjer er at vi trekkjer vi tilbake godkjenninga for delar av produksjonen for dei anlegga det gjeld, altså dei som har hatt langvarige og store problem med lus, seier Skrudland.

Vil ha like tiltak langs heile kysten

Det er viktig at dette blir gjort på same måte langs heile kysten, slik at alle blir behandla likt, seier Skrudland.

Ho understrekar at næringa har gjort ein stor innsats for å bli kvitt lusa.

Lakselus

Mange anlegg slit med å bli kvitt lakselusa, trass i at dei har sett i verk tiltak.

Foto: Paul Kristian Olaussen

– Akkurat no er situasjonen i dei fleste anlegga i vår region at dei har lågare lusetal enn dei hadde tidlegare i haust. Det er lågare temperaturar og mange anlegg har behandla fisken med brukbart resultat. Så det har vore ein stor innsats frå oppdrettsnæringa for å bli kvitt lusa, seier Skrudland.

Ho seier dette likevel ikkje er nok, og at dei difor vil krevje ein lågare produksjon.

– For mange vil halvering vere eit nivå som vi meiner kan vere fornuftig. Så må dei vise gjennom ny drift at dei kan handtere dette, slik at dei seinare kan søke om å auke igjen.

Skrudland viser til at mange anlegg har kapasitetsproblem på avlusingsutstyr, brønnbåtar, slakting og i enkelte tilfelle også mannskap til å handtere den fiskemengda dei har.

– Vi kjem til å prioritere anlegg som skal setje ut fisk til våren og som difor er tomme no. Dette er anlegg som gjennom drifta har vist at dei ikkje greier å oppfylle krava i forskriftene, seier Skrudland.

Næringa er positiv

Kjetil Rykhus

Kjetil Rykhus er fagsjef for helse og miljø i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.

Foto: Tone Iversen / NRK

– Vi er positive til tiltaket og ser at dette er nødvendig slik situasjonen er enkelte stader. Det seier Kjetil Rykhus i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.

Han seier dei skal i møte med Mattilsynet om ordninga denne veka, og at dei skal diskutere korleis dette skal handterast og kva kriterer som skal gjelde for at eit anlegg skal kome inn under ordninga.

–Vi skal snakke om kva for nivå lusetal skal vere på for at dette skal gjelde, kva andre tiltak som skal vere prøvde og kor lenge ein reduksjon i produksjonen skal vare, seier Rykhus.

Han seier oppdrettsnæringa jobbar kontinuerleg for å redusere talet på lus, men at situasjonen er ulik i ulike delar av landet.

– Totalt sett ser vi at vi har lågare lusetal enn for eit par år sidan, men utfordringa er at fisken må behandlast oftare for å halde lusetala på same nivå som før. Det vil seie at effekten av legemidla er dårlegare enn før. Så vi er positive til andre tiltak som kan hjelpe, seier Rykhus.