Hopp til innhold

– Alle varsellampar lyser raudt for sjøauren

Sjøauren i Romsdalsfjorden er alvorleg trua og Mattilsynet seier situasjonen er dramatisk.

Lakselus

Mattilsynet meiner at situasjonen for sjøauren er dramatisk på grunn av lakselusa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Seniorrådgiver i Mattilsynet i Romsdal Inger Mette Hogstad

Inger Mette Hogstad er seniorrådgivar i Mattilsynet.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Det er stor oppblomstring av lakselus langs heile kysten og det er oppdrettsnæringa som får skulda. For villaksen er det skadeleg med mykje lakselus. Romsdalsfjorden er ein av landsverstingane og Mattilsynet er uroa.

–Dette er ein dramatisk situasjon. Sjøauren i fjorden er alvorleg trua og vi har fått beskjed om at no lyser alle varsellampar raudt, seier Inger Mette Hogstad. Ho er spesialinspektør i Mattilsynet.

Infisert av lus

Laksefiske på Vatne

I sommar var sjøauren som vart fiska i Vatneelva i Haram infisert av lakselus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Havforskingsinstituttet overvakar villaksen og i sommar hadde dei prøvefiske fleire stader i Romsdalsfjorden. Mykje av fisken var infisert av lus og hadde store sårskadar. Havforskingsinstituttet karakteriserte tilhøva i fjordsystemet som urovekkjande.

Måtte slakte fisken

I Romsdalsfjorden er det 16 oppdrettsanlegg og Mattilsynet køyrer no ei restriktiv line overfor dei.

Øylaks måtte slakte ned all fisken i anlegget på Juvika i Midsund på grunn av lakselus. No må området ligge brakk helt til våren.

Bakteriedrepande middel

Salmar prøver andre utvegar på sine lokalitetar i same område, på Dryna og Terningen, for å unngå nedslakting. Dei prøver avlusing med hydrogenperodsid. Det er eit naturleg bakteriedrepande middel.

– Slik situasjonen er no, må vi avslå alle søknader om utviding av eksisterande anlegg og avslå alle søknader om nye lokalitetar, seier Hogstad.