Hopp til innhold

På andreplass etter to øvingar

I sitt tredje forsøk i lengde tok Karsten Warholm nok ein personleg rekord. Han gjekk frå 7.50 til 7.53 meter. Det var femte lengste hopp i lengde-delen av tikampen. Etter to øvingar ligg han på andreplass med 1905 poeng, berre slått av tsjekkiske Jirí Sýkora - som tok juniorverdsrekord med ekstreme 7.98 i lengde.